Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Enkle turar i Sogn og Fjordane

Her finn du fine og lett tilgjengelege turtips i Sogn og Fjordane, med turar som slyngjer seg gjennom landskap i Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. Dette er fotturar der stega går i roleg tempo, og der både små og store kan få kjenne gleda ved å vere ute. Turane er henta frå UT.no og tek deg med inn i variert natur gjennom skog, langs elvar og opp mot opne utsiktspunkt. Utan bratt terreng eller lange etappar ligg alt til rette for gode opplevingar på ein vanleg dag, enten du går saman med familien eller berre vil kome deg enkelt ut på tur.

Publisert: 19. juni 2026
Artikkel

Turtips til ferskingen

Har du lyst til å gå din første tur, men vet ikke helt hvor du skal starte med planlegging og utstyr? Her får du gode tips og råd som er nyttig for nybegynnere.

Turtips til ferskingen
Turtips til ferskingen

Fottur – Laugi (Sogndal)

Laugi er eit gamalt stølsområde i Laugadalen. Det er eit fantastisk fjellterreng som møter deg medan du går langs brusande elvar og bratte fjellskråningar. 
Turruta er slak og fin og passar godt for barn og familiar på tur. 


Type tur: Fottur 
Sesong: Juni–oktober 
Lengde: 4,9 kilometer 
Tid: 1 time 30 minutt 
Stigning: 139 høgdemeter totalt 

Pakkelister

Enten du skal på sommertur, vintertur, topptur eller dagstur kan det være nyttig med tips til hva du bør ha med i sekken. Her finner du alle våre anbefalte pakkelister.

Pakkeliste topptur

Pakkeliste vintertur

Pakkeliste sommertur

Pakkeliste dagstur vinter

Stølstur – Simosete og Turrli (Luster)


Denne turen går til dei tradisjonsrike stølane Simosete og Turrli i Luster. Turen går i ope og lett terreng og gir ei flott oppleving av stølslandskapet. Passar godt som dagstur i sommarsesongen. 


Type tur: Fottur 
Sesong: Mai–oktober 
Lengde: 7,4 kilometer 
Tid: 3 timar 30 minutt 
Stigning: 516 høgdemeter totalt 


  
Fottur – Framdalen (Luster) 


Turen går innover Framdalen i Luster, eit vakkert dalføre med roleg preg, med gamle steingjerder, og flott kulturlandskap. Ein føl grusvegen tur/retur, og turen er egna for barnevogn, og sykkel. Dette er ein lett tur som følgjer veg og sti, og passar godt for dei som ønskjer ein enkel tur i flott natur. 


Type tur: Fottur 
Sesong: April–oktober 
Lengde: 8,8 kilometer 
Tid: 3 timar 
Stigning: 141 høgdemeter totalt 
  


 
Kulturhistorisk løype i Eitorn (Leikanger)

Denne turen går i kulturlandskapet i Leikanger og bind saman fleire kulturhistoriske punkt. Løypa går på gode stiar og vegar og gir ei lett tilgjengeleg oppleving av lokal historie.

Type tur: Fottur 
Sesong: Heile året 
Lengde: 2,8 kilometer 
Tid: 1 time 
Stigning: 170 høgdemeter totalt 


  
Fottur – Stødno til Mjølkeflaten og Dagsturhytta (Lærdal) 

Denne populære turen går frå Stødno til Dagsturhytta på Mjølkeflaten. Turen går på god sti og er svært familievennleg, med flotte pausestadar undervegs.

Type tur: Fottur 
Sesong: Heile året 
Lengde: 3,5 kilometer 
Tid: 1 time 
Stigning: 92 høgdemeter totalt 


  
Fottur – Tenål til Varpet (Vik) 

Ein lett og oversiktleg tur frå Tenål til Varpet i Vik. Turen byr på utsikt mot fjord og kulturlandskap og passar godt som kort dagstur. 


Type tur: Fottur 
Sesong: Mai–november 
Lengde: 2,7 kilometer 
Tid: 2 timar 
Stigning: 473 høgdemeter totalt 


  
Fottur – Sentrumsnær sti for store og små (Høyanger) 

Ein lett og tilgjengeleg tur nær sentrum i Høyanger. Turen passar godt for familiar og for dei som ønskjer ein kort tur i nærområdet.

Type tur: Fottur 
Sesong: Heile året 
Lengde: 1,8 kilometer 
Tid: 1 time 
Stigning: 34 høgdemeter totalt 


Fottur – Øyra til Dagsturhytta (Stryn)

Ein svært populær og lett tur frå Øyra til Dagsturhytta i Stryn. Turen er barnevennleg og eignar seg godt heile året. 

Type tur: Fottur 
Sesong: Heile året 
Lengde: 3,2 kilometer 
Tid: 1,5 time
Stigning: 188 høgdemeter totalt 
  

Fottur – Gapahuken på Høgåsen (Gloppen) 

Ein kort tur til gapahuk med utsikt. Turen går i lett skogsterreng og passar godt som nærtur. 


Type tur: Fottur 
Sesong: Heile året 
Lengde: 1,6 kilometer 
Tid: 1 time 
Stigning: 53 høgdemeter totalt 
 



Fottur til Dagsturhytta på Kletten(Måløy) 

Dagsturhytta Kletten ligg flott til over Måløy og byr på ei imponerande utsikt over byen, havet og øylandskapet rundt. Turen opp er kort, men bratt nok til at du kjenner at du er på tur – og belønninga kjem raskt når du når hytta og kan nyte panoramavyer i alle retningar. Kletten er ein perfekt tur for familiar, kvardagsmosjonistar og alle som ønskjer ei kjapp, men innhaldsrik naturoppleving nær sentrum. 

Type tur: Fottur 
Sesong: Heile året 
Lengde: 3,6 kilometer 
Tid: 1 time 30 minutt 
Stigning: 121 høgdemeter totalt 




Fottur til Nordre heia - Djupeviknipa(Førde) 

Dette er ei av dei mest populære ettermiddags- og kveldstutane i Førde, med godt tilrettelagt sti bygd i samarbeid mellom Indre Sunnfjord Turlag og Sunnfjord kommune. Du startar på austsida av Nordheitunnelen og er oppe på toppen (662 moh.) etter kring tre kvarter, med vid utsikt til Litjehesten, Storehesten og Heilefjellet. Derifrå held turen fram vestover til Djupvikheia med storslagen utsikt over Førdefjorden.  

Type tur: Fottur  
Sesong: Heile året  
Lengde: 4,0 kilometer  
Tid: 1 time 30 minutt  
Stigning: 214 høgdemeter totalt 


 
Fottur til Liafjellet(Naustdal)

Ein kort og enkel tur frå Sundsdalen med merka sti langs elva og opp lia til eit fint utsiktspunkt over området. Perfekt for ein rask tur når du ikkje har heile dagen til rådvelde – stien er tydeleg heile vegen, men kan vere litt våt på regntunge dagar.  

Type tur: Fottur 
Sesong: Mars – november 
Lengde: 1,9 kilometer  
Tid: 1 time  
Stigning: 105 høgdemeter totalt 
 


Fottur til Skaraly frå Stølshaugane(Gaular) 

Ein fin og godt tilrettelagt tur med jamn stigning frå Stølshaugane, med heller og grus heile vegen opp forbi Kårstadstølen og gjennom Kårstadskaret til dagsturhytta på Skaraly. Turmålet ligg idyllisk til i Gaularvassdragets vakre natur.  

Type tur: Fottur  
Sesong: Mai – oktober  
Lengde: 5,2 kilometer  
Tid: 2 timar 15 minutt  
Stigning: 293 høgdemeter totalt 
 

Bålforbud fra 15. april

Det er bålforbud fra 15. april til 15. september i Norge. Det betyr at det ikke er tillatt å tenne bål, engangsgriller, bålpanner og annen åpen ild, i skog og utmark uten tillatelse fra kommunen. Selv om det er generelt bålforbud har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikke kan starte en brann, for eksempel om det ligger snø på bakken.

Det er alltid du som må vurdere faren ved å tenne bål, eller bruke engangsgrill, og bålpanne. Du er ansvarlig for at det er trygt mens det brenner og at det er skikkelig slokket før man forlater stedet.


Fottur til Hamnanova og Djupeskaret Hamnanova(Jølster)

Denne turen byr på nydeleg utsikt over Jølstravatnet, Kjøsnesfjorden og Skei-bukta – og på toppen (ca. 750 moh.) ligg ei lita open hytte open for alle. Stien er steinlagd og godt opparbeidd, og turen kan gåast som rundtur via Djupeskaret og høgaste punkt Nyken (800 moh.).  

Type tur: Fottur 
Sesong: Mai – oktober  
Lengde: 3,5 kilometer  
Tid: 3 timar (rundtur)  
Stigning: 354 høgdemeter totalt 
 


 
Fottur til Olsetåsen(Askvoll)

Ei kort og enkel tur på tydeleg merka sti heilt til toppen av Olsetåsen – perfekt for born og alle som vil ha ei rask naturoppleving i Askvoll. Frå toppen ventar nydeleg utsikt i fleire retningar.  

Type tur: Fottur  
Sesong: Heile året  
Lengde: 1,5 kilometer  
Tid: 1 time  
Stigning: 80 høgdemeter totalt 


 
Einingsfjellet Holstad–Eina(Fjaler)

Ein relativt kort tur frå Holstad med jamn stigning opp til Einingsfjellet og unnabakke ned til Eina – lagt opp som einvegstur. Til tross for berre 258 moh. får du på fine dagar fantastisk utsikt langt ut i havet.  

Type tur: Fottur (A–B) 
Sesong: Heile året  
Lengde: 2,6 kilometer 
Tid: 1 time 30 minutt  
Stigning: 237 høgdemeter totalt 

 

 
Fottur til dagsturhytta Vidsyn(Fjaler)

Turen til dagsturhytta Vidsyn følgjer merka sti frå skogkanten ved Furset, gjennom skog og over myrlendt terreng, før dei siste 500 metrane opnar seg i eit ope kystlandskap med mektig utsikt over holmar og skjer i Vilnesfjorden og utover Buefjorden mot storhavet. Ein tur som verkeleg gjev kjensla av å stå ved kanten av landet.  


Type tur: Fottur  
Sesong: Heile året  
Lengde: 4,2 kilometer  
Tid: 1 time 30 minutt  
Stigning: 222 høgdemeter totalt 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem