Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Fellesturar i Sogn og Fjordane

Publisert: 15. juni 2026
Artikkel

Kva er ein fellestur?

Fellesturar er opne turar der du kan bli med saman med andre, leia av erfarne turleiarar. Det er ein sosial og trygg måte å kome seg ut på tur, utan at du treng å planleggje alt sjølv.

Du treng ikkje kjenne nokon frå før for å delta. Fellesturar passar for deg som vil ha turfølgje, bli kjent med nye folk eller oppdage nye turmål – enten du er ny i området eller har gått mykje i fjellet før.

Turane finst i ulike lengder og vanskegradar – frå enkle nærturar til lengre fjellturar. Dei blir leia av frivillige turleiarar med god lokalkunnskap og erfaring.

På fellestur får du:

  • gode naturopplevingar i lag med andre
  • turar med ulikt nivå og tempo
  • tilbod over heile fylket

Som deltakar har du ansvar for å velje ein tur som passar for deg, og å stille med nødvendig utstyr. Les alltid turbeskrivinga nøye før du melder deg på.

I aktivitetskalenderen kan du enkelt finne turar ved å filtrere etter dato, kommune, nivå, målgruppe eller type aktivitet.

Del artikkel:
Del på e-post

Fellesturar i Sogn og Fjordane

Vis alle i DNTs aktivitetskalender

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem
Vilkår for turdeltaking
Vilkår for turdeltaking