Ta med venegjengen på DNT-hyttetur
Visste du at du som ungdomsmedlem i DNT kan overnatte på mange sjølvbetjente og ubetjente hytter for berre 140–180 kroner per natt? Du treng ikkje vere ein erfaren fjellvandrar for å utforske DNT-hyttene. Mange av hyttene passar perfekt for ein tur med venegjengen, ei første overnatting på fjellet eller ei helg med bading, fisking, klatring eller topptur.
Sju hytter å sjekke ut
Nipebu (Askvoll)
Dette er hytta for dykk som vil vere saman og ha mykje å finne på.
På Nipebu kan de bade, padle kano, ta båtturar, spele kort og nyte lange kveldar rundt bordet. Her kan sjølve hytteturen vere målet – utan at de treng å planleggje ein lang fjelltur.
Perfekt for: 🏊 Bading · 🚣 Kano og båt · 🎲 Sosial hyttetur
Skålabu (Stryn)
Skåla 1843 moh er ein av dei mest ikoniske fjellturane i Noreg. Turen blir kalla «Noregs lengste motbakke», men på toppen ventar ei utsikt du seint gløymer. Her finn du både Skålatårnet og Skålabu, med utsyn mot Nordfjord, Jostedalsbreen og dei mektige fjella rundt.
Perfekt for: ⛰️ Ei skikkeleg utfordring 📸 Utsikt du må sjå for å tru 🔥 Minne for livet
Knekkevasshytta (Bremanger)
Kan dette vere ei av dei kulaste klatrehyttene i fylket?
Klatrefeltet ligg rett ved hytta, og turen inn er kort. Vil de ha fleire høgdemeter, kan de kombinere helga med ein tur til Keipen.
Perfekt for: 🧗 Klatring ⛰️ Topptur 🔥 Helg ute med venene
Fivla (Luster)
Likar du fjell og utsikt, bør Fivla stå på lista.
Her kan de kombinere ei natt på hytte med ein skikkeleg topptur både sommar og vinter. Du finn mellom anna Fivlenosi på 1466 moh. med panoramautsikt mot Jotunheimen og Breheimen.
Perfekt for: 🥾 Topptur 📸 Utsikt 🌄 Fjellopplevingar
Kjørrdalsselet (Sogndal)
Har du aldri overnatta på ei DNT-hytte før?
Kjørrdalsselet kan vere ein fin stad å starte. Hytta ligg berre 1,7 kilometer frå Åberge, og den korte turen gjer det lett å prøve hyttelivet utan å planleggje ein stor fjelltur.
Ta med ein ven, litt god mat og lakenpose – og prøv.
Perfekt for: ✅ Første hyttetur · 🎒 Låg terskel · 👫 Tur med venner
Målsethytta (Vik)
Vil du på tur, men set også pris på litt ekstra komfort som å kunne køyre heilt fram og nytte vanleg toalett?
På Målsethytta er det varmepumpe, fiskevatn i nærleiken og moglegheit for å slå opp telt ved hytta. Det gjer henne til ein fin base for ei roleg helg ute.
Perfekt for: 🎣 Fiske · 🏕️ Telting · 😌 Ei roleg helg
Skongsnes Fyr (Kinn)
På Skongsnes Fyr kan du overnatte i den gamle fyrvoktarbustaden og oppleve ei heilt anna side av friluftslivet. Her ventar svaberg, kyststiar og spanande stader å utforske. Tek du med fiskestong, kan du prøve fiskelykka frå svaberga og kanskje skaffe middag på ekte kystvis.
Perfekt for:
🌊 Hav og kystliv · 🎣 Fiske · 📸 Foto og utforsking
NB: Overnatting skjer ved leige av heile rom.
👉 Finn fleire hytter på UT.no og start planlegginga av ditt neste eventyr!
|
Ny på DNT-hytte? Lurer du på kva som møter deg på ei DNT-hytte, korleis booking fungerer eller kva du bør pakke med deg? Kurset Første gong på DNT-hytte gir deg ei enkel innføring i alt du treng å vite før den første overnattinga. |
Se også