Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

På hyttetur med DNT

Visste du at ungdom som er medlem i DNT kan overnatte på mange sjølvbetjente og ubetjente hytter for berre 140-170 kroner per natt? Du treng ikkje vere erfaren fjellvandrar for å utforske DNT-hyttene. Mange hytter passar perfekt for ein tur med venegjengen, ei første overnatting i fjellet eller ei helg med bading, fisking, klatring eller topptur.

Published: August 18, 2026
Article

Seks hytter vi meiner ungdom bør sjekke ut

Nipebu (Askvoll)
Bading, kano, båt, gitar og kortspel. Perfekt for sosialt hytteliv i Stølsheimen.

Knekkevasshytta (Bremanger)


Vår eiga «klatrehytte». Kort veg frå parkering, klatrefelt ved hytta og toppturmoglegheiter mot Keipen.

Fivla (Luster)
For deg som likar toppturar. Like ved hytta ligg Fivlenosi (1466 moh.) med fantastisk utsikt mot Jotunheimen og Breheimen.

Kjørrdalsselet (Sogndal)
Berre 1,7 km frå Åberge. Ei perfekt hytte for deg som vil prøve di første DNT-overnatting.

Målsethytta (Vik)
Hytte med litt ekstra komfort. Varmepumpe, fiskevatn i nærleiken og moglegheit for telting ved hytta.

Skongsnes Fyr (Kinn)
Ei heilt annleis DNT-oppleving med havutsikt, kystnatur og spektakulære solnedgangar.

👉 Les meir om medlemskap og fordelar på dnt.no

 

👉 Finn di neste hytte på UT.no

Share article:
Share via email

See also

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member