Vil du bidra til friluftsglede i ditt lokalmiljø?
Bli frivillig i turlaget – del turglede og naturopplevingar med andre! DNT er Noregs største friluftsorganisasjon, og mykje av arbeidet vårt blir gjort av frivillige. Kvar dag legg frivillige ned innsats for å merke stiar, vedlikehalde hytter, arrangere turar og skape gode naturopplevingar for andre.
Frivilligarbeidet i DNT skjer først og fremst gjennom dei lokale turlaga. Skriv inn postnummeret ditt for å finne informasjon om frivilligheit i ditt næraste turlag.
Bli frivillig i eit lokalt turlag
Skriv inn ditt postnummer for å lese meir om frivilligheit der du bur
Det finst oppgåver for alle
Du treng ikkje ha erfaring frå friluftsliv eller organisasjonsarbeid for å bidra. Det viktigaste er at du har lyst til å vere med. Opplæring og støtte får du gjennom ditt lokale turlag og DNT.
Du kan til dømes bidra med:
- Turleiing for barn, ungdom eller vaksne
- Dugnader og stiarbeid
- Vedlikehald av hytter og gapahukar
- Barnas Turlag eller DNT ung
- Arrangement og aktivitetsdagar
- Styre- og nemndsarbeid
- Kommunikasjon, foto eller sosiale medium
- Kart, turforslag og kulturhistorisk arbeid
Kor mykje tid må eg bruke?
Det bestemmer du sjølv. Nokon bidreg på eit arrangement eller ei dugnad i året, medan andre er turleiarar, hyttevertar eller sit i styre og nemnder.
Alle bidrag er verdifulle, store som små.
Kva får du att?
Som frivillig får du:
- Vere del av eit sosialt fellesskap
- Vere med å skape aktivitet i lokalmiljøet
- Nye naturopplevingar og erfaringar
- Kurs og kompetanse gjennom DNT
- Moglegheit til å gjere ein forskjell for andre
Korleis melder eg meg som frivillig?
Når du har funne eit lokalt turlag som passar for deg, kan du registrere deg i DNT sitt frivilligsystem:
👉 https://dnt.mobilise.no/mobile
Du brukar same innlogging som på Min Side på DNT.no.
Fann du ikkje det du leita etter?
DNT Sogn og Fjordane hjelper gjerne med å finne rett lokallag eller frivilligrolle.
Ta kontakt på sft@dnt.no, så hjelper vi deg vidare.
Velkomen som frivillig i DNT!

See also