Turlaga i DNT er tufta på dugnadsarbeid Vi er heilt avhengig av alle dei som brukar av si fritid til å merke stiar, skilte, vedlikehalde hytter, arrangere og leie turar, produsere innhold på Ut.no, ta bilete, styrearbeid og mykje anna.
Vi ynskjer stadig å vidareutvikle tilbodet vårt og vil gjerne ha fleire frivillige med på laget! Velkommen både til deg som kan tenke seg faste oppdrag og du som kan bidra «av og til».
Som frivillig får du ta del i eit fellesskap, du får nye naturopplevingar og meiningsfulle oppgåver. Du bidreg til at fleire kjem seg ut i vår flotte natur, noko som er helsefremjande både fysisk og psykisk.