Logo
Til DNT.no forside
barn sitter på benk. Blå himmel, gress.

VIKTIG beskjed om Kystpasset 2024

Turen til Kongegrava som det står om i Kystpasset 2024 må dessverre utgå.

Publisert: 21. mars 2024
Skrevet av: Heidi Reisegg Endal, styreleiar
Tips

20. mars vart årets opplag med 17.000 Kystpass levert, klare for lansering 21. mars.

Få timar etter lanseringa fekk me melding frå Statsforvaltaren om at det var gjort ornitologisk funn i området ved det nye turmålet "Kongegrava". Dette vart oppdaga same dag som Kystpassa vart levert til oss. 

Det er viktig at alle respekterer meldinga frå Statsforvaltaren og held seg vekke frå dette turmålet. Me har fjerna turmålet frå UT-appen og satt opp informasjonsskilt ved stistart. SjekkUT-punktet for "Kongegrava" i Kystpasset er difor flytta til alternativ tur i nærleiken. Alternativ tur er Steinsvatnet tursti. Denne turen har same startpunkt, men ligg utanfor området der det er gjort ornitologisk funn. 

Me får desverre ikkje endra på papirutgåva av Kystpasset no, så de som nyttar papirutgåva klipper "Kongegrava" på klippekortet når de skal registrere klippet ved Steinsvatnet tursti. 

Les meir om turen HER: 

Har de ytterlegare spørsmål kan de ta kontakt med oss på e-post: sotraoygarden.turlag@dnt.no 

 

Beste helsing Kystpasskomitéen. 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Turer og kurs i BHT
Personaltur til Solrenningen, 12.–13. september 2023.
Turer og kurs i BHT
Turtips på Vestlandet
Grottetur til Telavåg på Sotra, april 2020.
Turtips på Vestlandet