Logo
Til DNT.no forside
Til Odda/Ullensvang Turlag
Fottur

Om Odda/Ullensvang Turlag

Odda/Ullensvang Turlag er eit turlag for alle i kommunen vår. Vi har fokus på turar og aktivitetar for folk i alle aldersgrupper og har som mål å kunna tilby aktivitetar i heile kommunen vår.

Eit enkelt og naturvenleg friluftsliv

Odda/Ullensvang Turlag har som føremål å stimulera til auka aktivitet, samt legge til rette for eit enkelt, aktivt, allsidig og naturvenleg friluftsliv både for lokalbefolkningen og for tilreisande turistar. Vi har ingen ansatte og er tufta på frivillig arbeid. 

Styret

Styret i Odda/Ullensvang Turlag består av sju medlemmer. Ein styreleiar, ein nestleiar, ein skrivar og 4 styremedlemmer. Styrets leiar står på valg kvart år og vert valgt av årsmøte. Øvrige styremedlemmer vert valgt for ein periode på to år. Økonomi og kasserervervet er sett ut til ekstern person utanfor styret.

Styrets medlemmer

Årsmeldinger

Odda/Ullensvang Turlag ved styreleiar utarbeider kvart år ein årsmelding som tek for seg det viktigaste arbeidet i turlaget i året som gjekk. Årsmeldinga skal og framheva og visa bredden i våre aktivitar og arrangementer.

Årsmeldinger

STIEN er våre verdiar

Spennande – DNT skal by på utfordrande og spennande opplevingar for alle.

Truverdig – Tryggleik og kvalitet skal stå i fokus i heile organisasjonen.

Inkluderande – DNT skal ha eit turtilbod der alle føler seg velkomne, òg dei som ikkje kjenner oss frå før.

Enkelt – Vi vil bidra til å la folk oppleve gleda ved det enkle friluftslivet.

Naturvennleg – DNTs verksemd med aktivitetar, hytter og ruter skal vere naturvennlege.

Se også

Turer og kurs i BHT
Skitur Torfinnsheim–Nansenbu-Gråsida–Gjelle, 11.–13. februar 2022.
Turer og kurs i BHT
Turtips på Vestlandet
Grottetur til Telavåg på Sotra, april 2020.
Turtips på Vestlandet