Om Kvam turlag
Kvam turlag er ein av dei største laga i Kvam herad med rundt 600 medlemmer. Hovudaktivieten er fellesturar, vedlikehald av stiar og tilsyn med turlagshyttene Vending og Breidablik saman med den kommunale dagsturhytta Kvilekroken.
Styret
Torunn Torpe
torunn.torpe@dnt.no / 99 38 90 20
Styreleiar
Knut Njaa
knut.njaa@gmail.com / 95 20 23 30
Nestleiar
Geir Morten Utskot
Geir.morten.utskot@dnt.no / 99 70 09 80
Kasserar
Maja Sundström Vevatne
majsun@kvam.kommune.no / 41 18 70 43
Skrivar
Håkon Tveit
tveitphoto@gmail.com / 41 45 89 70
Styremedlem
Marita Fosse
maritafosse@gmail.com / 95 97 72 55
Styremedlem
Vara: Siri Kaale og Mari Litlebø Storaas
Revisor: Eirik Vevatne
Valnemd: Anna Mo-Bjørklund, Svein Rune Stakseng, Øyvind Soldal
Vedtekter
VEDTEKTER FOR KVAM TURLAG
§ 1: FØREMÅL
Kvam Turlag har som føremål å fremja eit aktivt, naturvenleg og sikkert friluftsliv i skog og fjell.
§ 2: ORGANISASJON OG LEIING
Laget er tilknytt Bergen Turlag, som er medlemsforeining i Den Norske Turistforening. Medlemsområdet er i Kvam.
Betalt medlemskontingent i DNT gjeld også som kontingent i Kvam Turlag.
Kvam Turlag skal ha eit styre på 6 medlemer valde for 2 år, med unnantak av leiar som vert vald for 1 år om gongen. Leiaren og to eller tre av styremedlemene er på val kvart år. Det skal veljast 2 vararepresentantar til styret. Desse står på val kvart år.
Styret står fritt til å oppretta arbeidsgrupper eller utval, der ein trekkjer andre inn for å utføra arbeidsoppgåvene i laget.
Låneopptak må godkjennast av Bergen Turlag sitt styre og råd.
§ 3: ÅRSMØTET
Årsmøtet skal haldast i januar månad og kunngjerast i lokalavisene minst 14 dagar på
førehand.
Årsmøtet skal handsama desse sakene:
- Årsmelding frå styret
- Revidert rekneskap frå føregåande år
- Eventuelt budsjett for inneverande år
- Val på:
Leiar, vald for 1 år
Styremedlemer, valde for 2 år
Varamedlemer, valde for 1 år
Revisor, vald for 1 år
Valnemd på 3 personar, valde for 2 år
§ 4: VEDTEKTSENDRING:
Vedtekstendring krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte på årsmøtet.
§ 5: OPPLØYSING AV LAGET
Dette krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte på årsmøtet. Eigneluter / midlar laget har, tilfell då Bergen Turlag.
Hyttetilsyn - Breidablik
Hyttetilsynet på Breidablik består for tida av følgande:
Arne Nødtvedt
Ingmar Ølmheim
Eivind Huse
Arne Birger Øystese
Hyttetilsyn - Vending
Hyttetilsynet på Vending treng folk!
Saman med gode hjelparar er
Geir Morten Utskot
Oddbjørn Borge
Primus motorar for at Vending skal vera triveleg å komma til.
Hyttetilsyn - Kvilekroken
Kvam Turlag har tilsyn med Dagsturhytta Kvilekroken ved Krokavatn.
Ta kontakt med med oss om det er noko som manglar eller er øydelagt ved Hytta.
Har du innspel til oss? Send ein epost til kvamturlag@dnt.no
Se også