Logo
Til DNT.no forside

Kvam turlag sitt Turkart

Kvam turlag har utarbeida eit turkart for Kvam. Turkartet dekkjer heile Kvam herad, men òg store områder i nabokommunane Samnanger, Vaksdal og Voss.

Om turkartet

Turkartet inneheld blant anna alle T-merka ruter i kartet sitt område, alle merka ruter i Kvam og over hundre ruteforslag blant anna basert på turmåla i Kvam i kryss og krakje. 

Visning av kartutsnitt

Kartet er trykt på tyvek, eit papir som gjer kartet svært haldbart mot både vatn og revning. Turkartet er trykt på to sider, med god overlapp i midtre delar av kommunen.

Ledig plass er brukt til informasjon om dei over hundre rutene, anbefalte toppturar på ski og informasjon om hytter i området.

Utforminga av turkartet

Kvar får eg kjøpt kartet? 

Turkartet er å få kjøpt på følgande stader: 

  • Mo sport, Norheimsund
  • MX Sport, Øystese
  • Kvamskogen landhandel
  • Huus bokhandel, Øystese
  • Hardangerfjord hotell 

Om du ikkje får handla kartet i fysisk butikk, kan du bestille kartet og få det tilsent i posten. Du fyller fyrst nøye ut skjemaet på denne lenka. 

Deretter betalar du 250kr per kart + 50 kroner per sending i porto til Vipps nummer 762107 (Turkart-Kvam turlag) Pass på å få rett sum og namn frå bestillinga i meldingsfeltet slik at me slepp ekstraarbeid.

To som nyt utsikta frå Vesoldo mot Hedlafjell

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Turer og kurs i BHT
Personaltur til Solrenningen, 12.–13. september 2023.
Turer og kurs i BHT
Turtips på Vestlandet
Grottetur til Telavåg på Sotra, april 2020.
Turtips på Vestlandet