Logo
Til DNT.no forside

Frivillig i Kvam turlag

Er du eller vil du bli frivillig i Kvam turlag? Under finn du informasjon om både kva me treng di hjelp til - og informasjon til deg som har teke på deg ulike verv eller oppgåver.

Turlaget og DNT er basert på frivillig innsats. Dugnad frå gode turfolk for å halde rute- og hytte nettet i drift. Og ikkje minst for å arrangere turar. Me ynskjer deg med på laget.

Kvam turlag har tilsyn med tre hytter og me treng fleire hender for å sjå etter hyttene og gjera små oppgåver på hyttene.

Kvam turlag har rundt 100 kilometer med stiar som me merkar. Det er stadig behov for å friska opp att t-ane, eller bygge oppatt vardar som har lagt seg flate.

Kvam turlag har dei siste åra arrangert rundt 170 turar i året. Me treng turleiarar til alle typar turar - korte turar, lange turar, høgfjellsturar, skogsturar, stølsturar, barneturar, ungdomsturar. DNT har ei kurs-rekkje for å bli turleiar på ulike nivå.

Me håpar du kan tenkje deg å gjere ein innsats. Sjå meir om oppgåvene under.

Vil du bli frivillig i Kvam turlag?

Vert hyttevakt på Breidablik

I sesongen (juli-september og nokre helgar i oktober) ynskjer me svært gjerne hyttevakter på Breidablik. Og endå meir gjerne hyttevakter med lokal kunnskap og tilknytning. 

Som hyttevakt har du gratis kost og losji på hytta medan du ser til at besøkande har eit ok opphald, og gjer sine plikter. Midt på dagen har du fri og kan nyta naturen i nærområdet.

Gje oss ein lyd på kvamturlag@dnt.no om du vil prøve eit opphald som hyttevakt.

Vert hyttetilsyn

For tida treng me folk til hyttetilsynet på Vending. 

Du som er med i hyttetilsynet må besøke hytta innimellom for å sjå at den er forleten i god stand, og av og til gjera mindre vedlikehaldsoppgåver.

Det vert og organisert dugnader 1-2 gonger i året for å få på plass ved, gass og proviant. Det vert gjerne og gjort ein større reingjeringsjobb, og det er oppgåver som måling, feiing og generelt vedlikehald på dei same dugnadane.

På oppdrag får du betalt reiseutgifter og du bur og et gratis på hytta.

Noko for deg? Kontakt oss på kvamturlag@dnt.no

Vert turleiar

Fellesturane er hovudaktiviteten i turlaget. Me ynskjer stadig nye krefter velkomen som turleiar i turlaget, og treng turleiarar til dei "ordinære" fellesturane i fjellet, til bornas turlag og til seniorgruppene på dagtid. 

Me ynskjer at du tek turleiarkurs før du er turleiar hjå oss. Meld di interesse så prøver me å få til eit kurs lokalt i Kvam - elles er det stadig kurs å gå på arrangert av Bergen og Hordaland turlag, eller andre lag i DNT systemet.

Turleiarkursa er ein stige, der fyrste trinn er eit kveldskurs på nokre timar (ambasadørkurs), neste trinn er ei helg (nærturleiar), medan sommarturleiar og vinterturleiarkursa går over fleire helger og er for dei som vil leia turar i høgfjellet sommar eller vinter.

Kostanden for turleiarkurset dekkar Kvam turlag, om du vert turleiar for oss.

Kontakt oss på kvamturlag@dnt.no om du vil vite meir.

Turtypar

Helgeturar - me treng turleiarar til lengre turar frå hytte til hytte i fjellet - både sommar og vinter.

(Sun)dagsturar - me treng turleiarar til dagsturar, oftast sundagar, til fine turmål både i og utanfor Kvam

Onsdagsturar/kveldsturar - treng turleiarar til kveldsturar på 3-4 timar. Typisk på onsdagar, og typisk til stølar eller andre interessante turmål.

(Små)Borna sitt turlag - treng turleiarar til kveldsturar eller laurdag/sundagsturar på 1-2-3+ timar i eit vidt spekter. Me har hatt turar på 100 meter i skogen til timar i vind og snø til Gullhorgabu. 

Karatrakken - treng turleiarar kvar tysdag på dagtid. 3-4 timars tur med heile Kvam som leikegrind.

Fotalaget - treng turleiarar kvar onsdag på dagtid. 3-4 timars tur med heile Kvam som område.

Trakkatrimmen - treng turleiarar til kortare lågterskel-turar i Norheimsundområdet.

Kontakt oss på kvamturlag@dnt.no om du vil vite meir.

 

Vil du merka stiar?

Kvam turlag har over 100km med merka stiar, desse er i hovudsak i tilknytning til hyttenettet. 

Stiane og merkinga av desse er viktig for tryggleiken svært mange som går i fjellet.

Stiar til og mellom Vending, Breidablik og Kiellandbu frå Fitjadalen, Hamlagrø og Kvamskogen treng jamleg vedlikehald. 

Me kan tilby krus i varding om du ynskjer det.

Meld deg på kvamturlag@dnt.no :)

Er du frivillig i Kvam turlag?

Felles informasjon til frivillige

Som frivillig i Kvam turlag har du nokre rettigheiter og goder.

  • Du er forsikra.
  • Du er omfatta av frivilliggodene til Bergen og Hordaland turlag (lenke kjem) som inneber mellom anna gratis overnattingar på BHT sine hytter og kle og sko til rabatterte prisar (i butikken i Marken heile året, og ekstra gode tilbod ein eller to gonger i året på dntbutikken).
  • Me pleier å ha ein lokal middag for frivillige seint kvar haust. 
  • Dekka reise, kost og losji på oppdrag.

For deg som er turleiar

Er du turleiar?

Her finn du informasjon til før, under og etter turen:
- Før turen 
Turprogram 2022
Turleiarinstruks 2022
Meld inn behov for utstyr (Satellittelefon, 1.hjelp, vindsekk ol.) i god tid til hildegunn@attragym.no / 481 55 004

Sjå turleiarkurs som vert arrangert i DNT (Kvam turlag betalar kursavgifta mot at du er turleiar for oss - ta kontakt!)

- Etter turen Send turrapport til kvamturlag@dnt.no inkludert to-tre bilder for å skapa litt åtgaum

Turprogram 2024 Har du forslag til turar til nest års program kan dei allereie no sendast oss på kvamturlag@dnt.no

For deg som er hyttetilsyn

Ingen informasjon til deg her og no.

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Turer og kurs i BHT
Personaltur til Solrenningen, 12.–13. september 2023.
Turer og kurs i BHT
Turtips på Vestlandet
Grottetur til Telavåg på Sotra, april 2020.
Turtips på Vestlandet