Logo
Til DNT.no forside
Varde i solnedgong

Kryss og krakje 2024

I høve Kvam turlag har eksistert i 30 år legg me i år ut 30 turmål som del av årets kryss og krakje. Du må ikkje gå alle, men dess fleire du går, dess større vinnarsjanse får du.

Publisert: 15. mai 2024
Skrevet av: Kjell Inge Tufte Tyssen
Inspirasjon

Nytt av året er at me har plukka ut 30 flotte turmål spreidd utover heile kommunen.

Nytt er og at du i år må registrere turane med Postkassetrimmen. Det vert altså ikkje klyppetenger.

Som tidlegare er det ti turmål som er minstemålet for å få deltakarpremie og delta i trekninga om finare premiar. Fleire turar aukar vinnarsjansen i form av ekstra lodd i trekninga.

Flesteparten er turmål som er kjende frå tidlegare år, men nokre nye har me fått på plass - Laupsaflyane, Geitastølen Håsete, Ruedal, Raudkleiv og Vedasnerta.

I og med at me og har ein topp-tung trim i Kvam topp 30, så har me i årets kryss og krakje lagt turane meir i busk og brakje enn skarv og varde, men nokon toppar er med lell. 

 

Turmåla er desse: (lenker til ut.no kjem)

Hedler
Giljafjell
Bjørkeveten
Klyvenuten

Laupsaflyane
Håsete
Skrott
Botnane
Ruedal
Fagrasete
Norheimsdalen

Geitafjell
Såta
Sundvoredalen
Kjel

Kvilekroken 
Eggjasete
Steinbu
Frosnotten
Tjørnshaugtjørn

Vesoldo
Skårsete (Augastad)
Ljosavatnet

Holsete
Skår
Akssete
Kråkenos
Klepp
Raudkleiv
Vedasnerta

I loddtrekninga vert du tildelt lodd slik:
10 turmål: 1 lodd
15 turmål: 2 lodd
20 turmål: 4 lodd
25 turmål: 6.lodd
30 turmål: 10 lodd

Premiar til trekning:
Info kjem.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget