Ulvik Turlag har vore eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag sidan 2018, men turlaget blei alt skipa på Jonstøl 11. september 1988. Me er lokalisert innst i Hardangerfjorden, med flotte område for både nærturar og dagsturar. "Signaturturen" vår et turen til Vassfjøro om hausten. Den historiske vandreruta - Hallingskeidsvegen tar deg frå fjord til fjell, og gjev deg eit turminne for livet.