Frivillig i Ulvik Turlag
Me treng fleire frivillige på laget vårt. No har me eit knippe frivillige som er med å fører tilsyn med dagturhytta, som Ulvik Turlag har ansvar for. I tillegg har me nokre turleiarar, og sjølvsagt styret, men me ynskjer å bli fleire. Me treng mellom ana frivillige til arrangement, og fleire turleiarar, både for born og vaksne.
Skrevet av: Hilde Underdal
Bli frivillig
Som frivillig blir du ein del at eit sosialt felleskap der du kan bidra som frivillig innan mange ulike område. Nokre frivilligområder kan vere å merka stiar, ta folk med ut på tur, halde kurs, bli med i styret eller gje barn og vaksne gode naturopplevingar.
Du treng ingen forkunnskap som frivillig. Du vil få god opplæring og alle utgifter vert dekka.
Har du lyst til å delta i det frivillige fellesskapet? Då kan du melde deg i frivilligregisteret til Bergen og Hordaland Turlag. Me får melding om alle som melder seg her.
Registrer deg som frivillig her