Opplev Hardangervidda på hesteryggen
Det er mogeleg å ri inn til Sandhaug. Me tilbyr riding frå Tinnhølen og inn til hytta, som ei pakke for gjester som bur to eller tre netter hjå oss. Ein fantastisk måte å oppleve Hardangervidda på!
Turen er ca. 18 km lang og tek vanlegvis 3-4 timar. Det er lett terreng og turen passar også for barn. Det er hestekyndig personell med, og du treng ingen forkunnskap for å vere med. Me stiller med hestar og alt utstyr til hesten. Det er plass til 8 personar per tur, og alle rir på eigen hest.
Dag 1:
Det er oppmøte på Tinnhølen (bomveg inn frå riksveg 7). Me starta ved Tinnhølen parkeringsplass med klargjering av hest før i me rir inn til Sandhaug der det vert to/tre overnattingar. Alle må ha med eige niste for rideturen inn, og det vert ein rast på turen innover.
Ved ankomst på hytta steller me med hestane etter turen, og det vert servert 3 retters middag på kvelden.
Dag 2/3:
Ein vaknar opp inne på Hardangervidda og kan nyte ein god frukost med utsikten over Nordmannslågen. Frå vår base på Sandhaug kan ein denne dagen:
- Gå på dagstur til fots
- Fiske med båt eller i elva ( om du vill låne båt under oppholdet gi beskjed når du booker tur)
- Slappe av og nyte naturen på Hardangervidda.
Dag 3/4:
Siste dag på Hardangervidda der ein startar med frukost og smøring av lunsj, før det vert klargjering for tilbaketuren. Denne dagen brukar me på å ri tilbake til Tinnhølen.
Praktisk informasjon
- Pris per pers er kr. 4600,-. Dette inkluderer hest tur/retur og overnatting på Sandhaug i to døgn med full pensjon.
- Pris per pers er kr 5600,- dette inkluderer hest tur/retur og overnatting på sandhaug i 3 døgn med full pensjon.
Me vil arrangere riding frå 29. juni til 10. august. I år er turene satt opp slik:
- Søndag til tirsdag 4600,- (2 døgn)
- Tirsdag til torsdag 4600,- (2 døgn)
- Torsdag til Søndag 5600,- (3 døgn)