Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Geiterygghytta
Fottur

Turtips Geiterygghytta

Med Geiterygghytta som utgangspunkt kan du velge og vrake i turmål, og hytta er eit flott utgangspunkt for turen ned Aurlandsdalen. Kanskje får du besøk av både fjellrev og reinsdyr på turen. Hytta er lett tilgjengeleg for både små og store, med berre 3 km spasertur langs ein fjellveg.

Turforslag

For deg som likar langturar ligg DNT sitt godt merka rute- og løypenett og ventar. Geiterygghytta er eit knutepunkt i Skarvheimen, med sommer- og vinterruter til Storestølen, Raggsteindalen, Hallingskeid, Finse, Aurlandsdalen (berre sommerrute) og Kongshelleren, med mulegheit for videre tur til Breistølen ved riksveg 52.

Geiterygghytta er ei av hyttene langs den 350 km lange MASSIV-ruta som går gjennom fjellområda Breheimen, Jotunheimen, Skarvheimen og Hardangervidda. Les meir om styrkeprøven MASSIV

Du som bur fast på Geiterygghytta har gode dagsturmulegheiter, med turar til ei rekke toppar opp til 1790 meters høgde, alle innan rimelig avstand frå hytta. Vertskapet gir gode råd om alle turane. Her er nokre av våre anbefalte turar. Du finn fleire turforslag på UT.no.

Se våre beste turtips

 

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem