Slik kommer du deg til Bjørnhollia
Bjørnhollia ligger vakkert til i Rondane og hit kommer du enten til fots eller på ski. Det er ikke bilvei frem til hytta.
Sommarstid
Med bil
Til Straumbu. Fra Straumbu (parkeringsplass) er det ca. 7 km på godt merka sti (ca. 2 t) inn til Bjørnhollia. Privatbilar kan også parkerast ved Gammelgarden. Herifrå går det transportveg vidare til hytta, ca. 8 km.
Med tog
Til Koppang/Atna på Rørosbanen og vidare med buss til Straumbu eller tog til Ringebu på Dovrebanen og vidare med buss til Straumbu (bussrute frå Ringebu berre i den ordinære skuleferien).
Vinterstid
Frå parkeringsplassen ved Furulund er det ca. 8 km på ski etter kvista skiløype:
Frå Oslo med privatbil
To alternativ
- Køyr til Lillehammer- Ringebu, og ta av over til Venabygdsfjellet. Over Venabygdsfjellet og ned til Enden, vidare mot Folldal. Forbi Atnasjø kafé, parker bilen på ein liten parkeringsplass like forbi Nesset, (der står det skilt, p- Bjørnhollia,like ved oppkjørselen til Blåfjellia). Ca to timars køyring frå Lillehammer.
NB! Venabygdsfjellet blir fort stengt grunna uver om vinteren, ring 175 for å sjekke forholda. - Frå Oslo: Opp til Elverum, vidare gjennom Østerdalen, forbi Koppang og Atna. Frå Atna mot Atndalen/Folldal, Forbi Atnasjø kafé, og parker på Furulund, like forbi Nesset gard.
Frå Trondheim - med privatbil eller kollektiv transport
- Køyr ned til Hjerkinn- Folldal, og vidare Atndalen mot Ringebu. Forbi Straumbu parkeringsplass, og til Furulund.
- Kollektiv transport: Tog til Koppang, buss vidare til Furulund eller tog til Hjerkinn, buss vidare til Folldal, og Furulund.
Løypa startar frå parkeringsplassen, ned gjennom gardstunet på Furulund gard, vidare over Atnsjøen, og opp gjennom skogslia til Bjørnhollia.
Kollektivtransport over Venabygdsfjellet
NB: Det går ingen rutebuss over Venabygdsfjellet om vintaren.
Kollektivtransport i Påskeferien
Utgangspunkt i Mysuseter
Kollektiv transport i Østerdalen i påska byr på problemer, sidan busselskapet innstiller mange av rutene sine i påska.
Eit godt alternativ er å ta utgangspunkt i Mysuseter (tog til Otta, buss til Mysuseter). Frå Mysuseter via Rondvassbu til Bjørnhollia, eller direkte til Bjørnhollia (direktetur ca fem timar).
Nyttige telefonnumre og websider
Kollektivtransport
- Ringebu bilruter: Tlf. 61 28 47 40
- Innlandstrafikk: (gå videre til fjell i sommer, så Rondane, da finner du rute til Straumbu og til Mysuseter)
- Fjord 1 Nordfjord - Ottadalen: Tlf. 61 23 44 55
- VY: Tlf. 23 62 00 00
- Innlandstrafikk: For lokalruter i Østerdalen
- Ringebu skysstasjon: Tlf. 61 28 47 00
- Otta skysstasjon: Tlf. 61 23 66 70
Drosje
- Sollia: 94 17 32 41
- Folldal: 976 45 180
- Ringebu: 61 28 07 10
- Otta: 61 23 05 01
- Dombås: 61 24 10 02