Vossamarsjen
Bli med på folkefesten! Laurdag 15. august 2026 arrangerer me Vossamarsjen over Gråsida, eit høgfjellsplatå mellom 1000 - 1350 høgdemeter. Her vert det god stemning, natur- og turglede, servering av mat og drikke, heiarop, meistring og flotte premiar trekt på startnummer.
Skrevet av: Margrethe Alm
Vossamarsjen 15. august 2026 er diverre avlyst
Me har snakka med ein meteorolog og har fått fylgjande informasjon:
Det kjem ein front inn frå nord-vest på fredag som vil gje fleire rundar med nedbør. Det vert regnbyger både fredag og laurdag. På laurdagen melder dei jamnt med påfyll av regn og skyer heile dagen. Skydekket vert relativt lågt, vestleg vindretning med 9 m/s og temperatur kring 8 grader.
Av tryggleiksmessige grunnar har me difor bestemt oss for å avlysa arrangementa. Gråsida er lunefull og me tek ikkje nokre sjansar når det gjeld gjennomføring av arrangementet når vermeldinga er slik den er. Me er lei oss for dette, men vêret kan me ikkje gjera noko med.
Turen frå Hodnaberg til Gjelle
Stien er omkransa av bratte skogkledde lier i nord og aust. Den mest kjende turistattraksjonen på turen er Timaglaset, ein stor stein som balanserer på glatt fjell, tilsynelatande i evig kamp mot tyngdekreftene. Fjellandskapet ein går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierande. Frå Hodnaberg gjennom bjørkelier, over lyng og snaufjell tilbake til Voss.
Turstart frå Hodnaberg, på den T-merka ruta via Torfinnsheim – Timaglaset – Gråsidetoppen – Roset, med målgang på Gjelle.
Påmelding
Her vert det god stemning, natur- og turglede, servering av mat og drikke, heiarop, meistring og flotte premiar trekt på startnummer.
Bemanna sjekkpunkt
Høgfjellsmarsjen har fem bemanna sjekkpunkt. God stemning på Torfinnsheim med servering av mat og drikke.
Mat, drikke og trekkepremiar ved målgang på Gjelle
Ved målpassering vert det mat og drikke til alle og det vert flotte premiar trekt på startnummer.
Praktisk info
- Registrering på Holbergsplassen v/Park Hotel frå kl. 07.00. Her får de startkort og anna praktisk informasjon.
- Buss til Hodnaberg kl. 07.30 og 09.00
- Returbuss frå Gjelle mellom kl. 14.30 til om lag kl. 19.00
Se også