Fjellspringing under Vossamarsjen
Under Vossamarsjen 15. august kan du også springa over det flotte høgfjellsterrenget på Gråsida. Springinga er ikkje lagt opp som ein konkurranse med tidtaking - her står meistringskjensla, det sosiale og naturopplevingane i fokus. Du står sjølvsagt fritt til å konkurrera mot deg sjølv eller du kan springa saman med vener.
Skrevet av: Margrethe Alm
Vossamarsjen 15. august 2026 er diverre avlyst
Me har snakka med ein meteorolog og har fått fylgjande informasjon:
Det kjem ein front inn frå nord-vest på fredag som vil gje fleire rundar med nedbør. Det vert regnbyger både fredag og laurdag. På laurdagen melder dei jamnt med påfyll av regn og skyer heile dagen. Skydekket vert relativt lågt, vestleg vindretning med 9 m/s og temperatur kring 8 grader.
Av tryggleiksmessige grunnar har me difor bestemt oss for å avlysa arrangementa. Gråsida er lunefull og me tek ikkje nokre sjansar når det gjeld gjennomføring av arrangementet når vermeldinga er slik den er. Me er lei oss for dette, men vêret kan me ikkje gjera noko med.
Påmelding
Her kan du melda deg på Fjellspringinga under Vossamarsjen 15. august
Trasè
Stien er omkransa av bratte skogkledde lier i nord og aust. Den mest kjende turistattraksjonen på turen er Timaglaset, ein stor stein som balanserer på glatt fjell, tilsynelatande i evig kamp mot tyngdekreftene. Fjellandskapet ein går gjennom denne dagen er vilt, vakkert og varierande. Frå Hodnaberg gjennom bjørkelier, over lyng og snaufjell tilbake til Voss.
Start frå Hodnaberg, på den T-merka ruta via Torfinnsheim – Timaglaset – Gråsidetoppen – Roset, med målgang på Gjelle.
Fem bemanna sjekkpunkt
Fjellspringinga har fem bemanna sjekkpunkt. Det vert ekstra god stemning på Torfinnsheim med servering av mat og drikke.
Mat, drikke og trekkepremiar ved målgang på Gjelle
Ved målpassering vert det mat og drikke til alle og det vert flotte premiar trekt på startnummer.
Ta med
-Vindtett jakke, bukse, vottar/hanskar og hals i sekken. Me anbefalar også ei ekstra ullundertrøye i sekken.
- Vel også joggesko som er eigna for å springa i fjellet og ta med godt med ernæring.
Praktisk info
- Registrering på Holbergsplassen v/Park Hotel frå kl. 07.00 - 10.15. Her får de startkort og anna praktisk informasjon.
- Buss til Hodnaberg kl. 10.30
- Maks antal: 45 pers
- Returbuss frå Gjelle mellom kl. 14.30 til om lag kl. 19.00, dersom de ikkje vil springa heim.
Se også