Logo
Til DNT.no forside

Pakk sekken og hopp på toget

Fjella ved Kaldavasshytta og Grindaflethytta lokkar. Det er lite som slår kombinasjonen av tog og fjelltur – naturen kjem tett på under heile reisa.

Det er lett å la seg fascinera av den karakteristiske grønfargen på Raundalselva. Voss si hovudpulsåre slyngjer seg nedover dalen. Ho vekslar mellom vitalitet og kvilepuls. I kulissane ruvar Raundalsrekkja – firarbanden som byr på formidabel utsikt i alle himmelretningar. Me er på veg til Upsete, 886 m.o.h.

Upsete – Kaldavasshytta (7 km)

Denne turen er ypparleg for barnefamiliar. Frå Upsete stasjon går ein i jamn stigning opp til Geitavatnet, som byr på eit forfriskande bad på varme sommardagar. Etter ein god pause og leik ved vatnet, går turen vidare i vakkert høgfjellsterreng til Kaldavatni. Dei to ubetente hyttene finn de eit lite stykke ute på ryggen som skil vatnet i to.

Prima dagsturar

Du kan nå Kaldavasshytta frå Myrdal, Upsete og Hallingskeid
Kaldavasshytta er ei barnevenleg perle. Foto: Margrethe Alm 

 

Ved Kaldavasshytta er det flotte dagsturmål for heile familien, dersom de ynskjer å vera fleire dagar ved hytta.

Ein relativt kort og enkel tur er Kaldavassnuten, som er om lag fem km tur/retur frå hytta. Her følgjer de den t-merka stien mot Myrdal eit par kilometer og tek av stien mot sør-aust opp til toppen.

Urdshovd, som ligg nord for hytta retning Myrdal, har interessante kulturminne frå tida då Gravhalstunnelen vart bygd for over 100 år sidan. Herifrå er det flott utsikt mot Flåmsdalen, Bleienuten, Trollanuten og Fossdalskavlen.

Sist, men ikkje minst, må me trekkja fram Vossaskavlen, som har eit historisk sus over seg. Her fylgjer de t-merka sti mot Hallingskeid. Fyrst rundar de vatnet på nordsida og går vidare sørover opp nokre bratte kneiker til toppen av skavlen, 1520 m.o.h. I 1884 gjennomførte Nansen den namngjetne turen frå Oslo til Bergen, der han kryssa Vossaskavlen i eit skikkeleg uvær. Han måtte søkja ly for natta under toppen, og truleg filosoferte han om Kong Sverre som for seg vill i Vossafjella 700 år tidlegare.

Retur til Upsete, Myrdal eller Hallingskeid

Ugjerdsdalen er vakker!
Ugjerdsdalen er vakker! Foto: Margrethe Alm 

 

Med toget som transportmiddel, har du fleire returval frå Kaldavasshytta. Merk at ruta til Myrdal er bratt nedover og ofte sleip, noko som kan vera krevjande for små barneføter. Ei alternativ rute til Myrdal er å følgja t-merka sti mot Upsete til Geitavatnet. Her kjem du til eit stikryss og kan følgja stien ned vakre Ugjerdsdalen til Myrdal stasjon.

Alle vegar fører til Grindaflethytta

Denne perla av ei hytte kan du nå frå alle himmelretningar. Tek du toget kan du gå frå Ljosandbotnen, Upsete eller Flåm. Ruta frå Flåm er spektakulær, men er temmeleg dryg med tung sekk på ryggen. Dei to andre rutene har mindre stigning og er lettare om ein går med tung oppakning.

Turen frå Ljosandbotnen er om lag 20 km og går i jamn stigning opp dalen til Borgarebuvotni . Herifrå går ruta i kupert høgfjellsterreng til dei to sjølvbetente hyttene, som ligg ved Grindafletvatni, 1086 m.o.h.

Dagsturar med fjordutsikt

Grindaflethytta ligg mellom Raundalen og Sognefjorden og dette fjellområdet byr soleis på flotte dagsturar med fjordutsikt. Ein av kremturane er Ramsøynuten (1541 m.o.h.), som ruvar over Gudvangen og Nærøyfjorden. Her følgjer du fyrst t-merka sti mot Langhuso i om lag tre kilometer før du tek av stien og går vestover mot toppen. Ynskjer du ein meir luftig og krevjande tur, kan du halda fram på ryggen nordover frå Ramsøynuten og gå ned over Systraskaret og vidare opp ryggen til Vindeggi (1294 m.o.h.). Her ser du rett ned på grenda Bakka og Nærøyfjorden langt under deg.

Utsikt mot Ramsøynuten frå Bakkanosi. Foto: Sveinung Klyve
Utsikt mot Ramsøynuten frå Bakkanosi. Foto: Sveinung Klyve

 

Ein annan flott, men dryg dagstur er å gå til Syrdalsbreen (1761 m.o.h.) Følg t-merka sti mot Langhuso i om lag åtte kilometer. Før stien går bratt ned mot Jonadalsbotn, tek du av stien og held ryggen nordaustover mot breen. Dette området ligg på den mektige Undredalshalvøya som er klemd mellom Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Tronge fjordar, vidt utsyn og høge fjell med andre ord.

Av kortare, og meir familievenlege dagsturar kan me nemna Flenjabrjostet og Såteggi, som begge er om lag 10 - 12 km tur/retur.

Fleire av turskildringane er henta frå Sveinung Klyve si bok «Kremturar i Vossafjella». Ynskjer du meir informasjon om turane anbefaler me denne boka. Merk at dei fleste dagsturane som er skildra ikkje går på merka sti. Hugs difor kart og kompass og vit korleis du skal bruka det.

God (tog)tur!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag