Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Ekstremstølsveko

Trivst du best  med full fart opp og ned fjellsidene? Her er ein aktivitet som funkar  fjell –  i alle vindforhold! Fredag 21. juni går startsskotet for Ekstremstølsveko. Her er det om å gjere å gå flest stølsturar innan fredag 28. juni kl. 12.

Publisert: 15. april 2024
DNTs tilbud

Dette treng du
1. Du treng eit stølsturhefte som du kan kjøpa mange stader på Voss
2. Du kan henta ut eit deltakarkort i Turistinformasjonen hjå Visit Voss. Dette kan du henta ut f.o.m torsdag 20. juni kl. 12.00. Du kan også lasta ned og skriva ut deltakarkortet sjølv om du ynskjer det.  

Her kan du lasta ned deltakarkortet 

Deltaking
- På deltakarkortet som du får hjå Turistinformasjonen skriv du inn dato/starttida di ved parkeringa på fyrste stølstur.
-  Du klypper i deltakarkortet på alle stølane. 
 - Ved parkeringa etter siste stølstur skriv du inn dato/slutttid. 
- Du vel sjølv kva rekkjefylgje du vil gå/springa til stølane.
-  Dette er basert på tillit: juks er kjipt - den du lurar mest er deg sjølv. 

Innlevering av deltakarkort 
- Lever så deltakarkortet ditt i postkassa til Voss Utferdslag ved inngangsdøra til Tre Brør innan fredag 28. juni kl. 12.00

Premiar til vinnarane
Den/dei som fullfører alle turane raskast får premiar på premieutdelinga til Ekstremsportveko i teltet fredag 28. juni

Du treng ikkje vera registrert utøvar på Ekstremsportveko for å vera med på dette arrangementet.

Lukke til!  

#ekstremstølsveko

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag