Voss Utferdslag lanserar 20 nye nærturar
Det har vore få av dei korte, lettgåtte turane frå Voss i turportalen UT.no. No har me samla 20 nærturar frå ulike stader i heradet, slik at du kan velja deg ein ny, nær sommartur.
Skrevet av: Mari Stephansen
Turane er plukka ut for å passa flest mogeleg. Felles for alle er at dei ikkje krev mykje utstyr og er verken veldig lange eller bratte. I tillegg kan du nå så godt som alle med buss eller tog.
Det er fleire klassikarar på lista, og det er godt mogeleg du har gått nokon av turane. Me trur likevel at du vil finna nokon du aldri har høyrd om.
Krev ingen særskilde ferdigheiter
Turane er gradert "Enkel» etter kriteria i Merkehåndboka. Enkle turar passar for ein nybegynnar, og dei krev ingen spesielle ferdigheiter.
- Turane er alt frå nokre hundre meter og opp til 5 km.
- Dei går på sti, grus, skogsveg eller asfalt.
- Dei har moderat stigning, og ingen bratte parti.
- Mange er mogelege å ta med barnevogn eller rullestol.
Ut i bakhagen
Me vil visa fleire vegen ut i sin eigen nære natur. Kva finst av små og store opplevingar like utanfor døra, jobben din eller der du køyrer forbi dagleg?
Kor kan eg eta nista mi på kvardagsturen, kor kan me reisa på oppdagingsferd til helga, og kor får eg sett fuglelivet på Voss på nært hald?
Me vil gjera deg nyfiken på å gå nye stader. Me fekk oss fleire aha-opplevingar då me jobba med innsamlinga av desse turane. Det er håpet vårt at du òg skal få.
Finn din neste nærtur her
Nokon av dei er kjende klassikarar i Vossabygda, andre er skjulte perler. Kven av dei er nærast der du er?
Slik er turane fordelte
Det er fyrste gong me systematisk har samla nærturar og publisert dei, tilgjengeleg for alle, på UT.no. Av dei 20 forslaga kan du velja mellom turar i alle himmelretningar i Voss herad, og ein litt lengre aust.
Berre byrjinga
Utferdslaget har gjennom mange år løfta fram flotte turar både i stølsturhefta og som turboturar. Desse lever vidare, men no har dei fått selskap av turar som ligg endå tettare på der folk både bur og oppheld seg i heradet.
Du kan ta buss eller tog til 18 av nærturane. Stoppestad og rute finn du i turskildringa.
Forskning viser at det er turgåing flesteparten av oss vel som fysisk aktivitet i kvardagen. Difor er det viktig at det er enkelt å koma seg ut der ein bur og at turmåla er nære.
Me er ikkje ferdige med desse 20. Målet vårt er å stadig utvida lista, slik at endå fleire grender og område vert inkluderte.
Noregs største turportal
Med over 15.000 turforslag og mange hundre hytter, er UT.no den største turportalen i Noreg. No kan du som vil oppdaga nye, nære stader på Voss, starta vandringa ved hjelp av turskildringane på nettsida og appen UT.
Se også