
Kortreist lukke på Tvinnestølen og Volahytta
Lukka finn du her på Voss - i din eigen bakgard. Det er ikkje komplisert, heller ikkje dyrt og du treng berre eit døger om tida er knapp. Me seier som den vesle tigeren og den vesle bjørnen i Janosch sine herlege barnebøker: Kom – lat oss finna ein skatt!
Skrevet av: Margrethe Alm
Her får du oppskrifta på eit stort familie-eventyr!
1. Pakk sekken
Når du skal overnatta på Volahytta og Tvinnestølen er det verdt å vita eit par ting:
- Du treng ikkje nøkkel til hyttene - dei er ope heile året
- Hyttene har fullt utstyrt kjøkken. Du treng soleis ikkje ta med noko utstyr til matlaging
- Volahytta er ei sjølvbetjeningshytte, dvs at hytta har matlager. Her kan du kjøpa mat til alle måltid.
- Tvinnestølen er ei ubetjent hytte og har ikkje matlager. Her må du bæra med deg maten du skal eta.
- Hyttene har senger, dyner og puter. Som gjest må du ta med enten lakenposer eller soveposer.
- Her er gode vedomnar til oppvarming. Du treng ikkje ta med eigen ved.
- Hyttene har heldigvis ikkje dekning. Her kan du nyta det digitalfrie livet.
- Vatn finn du i elvene rett attmed hyttene.
Du treng berre pakka med deg klede og utstyr til å gå fjelltur, lakenpose, mat, drikke og godteri.

2. Det er gode fiskevatn mellom Volahytta og Tvinnestølen
Prøv fiskelukka – ta med fiskestang og kjøp fiskekort på inatur før avreise.
Hugs at born under 16 år fiskar gratis!
3. Køyr til Voladammen
Du køyrer til Evanger og tek over brua på Teigdalsvegen. Køyr Teigdalsvegen og hald fram på Eviny sin anleggsveg heilt opp til Voladammen. Å køyra anleggsvegen er ei oppleving i seg sjølv – det er vakkert opp Teigdalen!
Frå Voss tek køyreturen om lag ein time og frå Bergen tek det to timar.
4. Seks kilometer T-merka sti frå Voladammen til Tvinnestølen

Frå Voladammen er det knappe to kilometer til Volahytta. I starten går du langsmed Volavatnet før stien går opp 100 høgdemeter. Her flatar terrrenget ut før stien går nedover mot hytta som ligg på 940 m.o.h.
Om du ynskjer kan du førehandsbestilla senger på begge hyttene. Tvinnestølen har 15 sengeplassar og Volahytta har 14 sengeplassar som kan førehandsbestillast.
Har du god tid anbefalar me å ta ei natt på Volahytta før du går vidare til Tvinnestølen.
Frå Volahytta er det om lag fire kilometer til Tvinnestølen. Den T-merka stien går i kupert terreng og det er mogleg å fiska langsmed stien i både Nedsta Piksvatnet og i Mevatnet. Du går ein del på stein og sva, så bruk gode fjellsko/terrengsko.
5. Ta deg eit friskt bad
Vel framme ved Tvinnestølen ventar eit forfriskande bad. Er hytta kald når du kjem fram anbefalar me å varma opp hytta før du hoppar ut i vatnet! Vedomnane på Tvinnestølen er definisjonen på energieffektive.
6. Leik utanfor hytta
7. Nyt det digitalfrie livet
Me kan melda om at kortstokkene på Tvinnestølen er fullstendige! Her finn du også yatzee, Donaldpocket og bøker for både vaksne og born.
8. Og fisk litt meir....
9. Før du vender nasen attende mot sivilisasjonen

«Å bjørn,» sa tigeren, «er ikkje livet forskrekkelig godt på Tvinnestølen, synes du?» «Jau, sa den vesle bjørnen, «heilt forskrekkelig og godt.» Og det hadde dei minsanten heilt rett i.»
God tur!
Se også

