Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tur til torfinnsheim 29-30 juni 2026

Barnevenlege Torfinnsheim

Publisert: 02. juli 2026
Inspirasjon

Me skal på hyttetur med fire born i alderen 6, 10, 12 og 14 år. I tillegg skal ein liten krabat på vel eitt år vera med på lasset. Aldersspennet er stort, og det er mange omsyn å ta, med andre ord.

Dei vaksne har vore på uttallige hytteturar før, og er det éin ting me har erfart, så er det at turar med born er dei mest gjevande – så lenge ein unngår dei klassiske fallgruvene.

Her får du tips til ein vellukka tur! 

Ta borna med på planlegginga

Ein klassisk fallgruve er at ein planlegg turane over hovudet på borna. Dei vaksne finn ruta, pakkar sekkane og handlar inn maten – og så forventar me at borna berre skal henga med. Og då går det ofte skeis når den fyrste bakken melder seg, og spørsmåla om kor langt det er att kjem.

For å unngå denne fallgruva har me invitert borna inn på kontoret. Me skal planleggja heile turen – i fellesskap. 

Me vurderer alternativa våre og landar på at me skal gå ruta frå Hodnaberg – Torfinnsheim – Nedre Kvålsdalen – Hodnaberg. Me tel rutene på kartet og finn ut at turen totalt er 8 km fordelt på to dagar.

– Men kva er alle desse strekane på kartet? undrar 6-åringen.

Me forklarar at dette er høgdekoter. Kvar høgdekote svarar til 20 høgdemeter, og dess tettare strekane ligg, dess brattare er terrenget. Me tel strekane og finn ut at fyrste dagen skal me gå opp 280 høgdemeter.

Me sjekkar Torfinnsheim på ut.no, og her oppdagar me fleire ting som skaper jubel i leiren. Her er det straum, kjøleskåp, kaffitraktar og komfyr.

– Me kan jo faktisk baka bollar! bryt ein av dei ut.

Me drodlar også om kva som kan gjera hyttelivet ekstra kjekt, og blir samde om å finna plass i sekken til drage, teiknesaker, kosebamsar og bøker.

Me er klare for ekspedisjon!

Bensinministeren tek ansvar

Turen frå Hodnaberg går på ein fin T-merkt sti. Minstemann viser veg og minner oss på at den fyrste lia er ganske så bratt. Me sig oppover i jamt tempo, og praten går i eitt.

I løpet av kort tid har alle fått sine eigne ministerpostar: statsminister, helseminister, matminister, dopapirminister og snacksminister. 

Den viktigaste av alle ministerpostane er bensinminister! Etter litt forhandlingar går den rolla til 10-åringen.

Ho tek oppgåva alvorleg og får ansvar for å vurdera kor mykje godteri som skal delast ut både dag éin og dag to. Tømmer ho lageret den fyrste dagen, blir det skralt med drivstoff på returen.

Drage, fjellsafari og leik

Etter om lag halvannan time, inkludert fleire små pausar, kjem me til Torfinnsheim. Etter føremiddagsmaten finn borna fram kortspel, bøker og yatzy. Men det tek ikkje veldig lang tid før den velkjende brakkesjuka melder seg. Me må ut att!

Ein av dei vaksne har førebudd ei lita overrasking: fjellsafari. Dyrefigurar av papp vert delte ut, og oppdraget er enkelt: Finn lyng, gras og blomar slik at dyra får den finaste sveisen du kan tenkja deg.

Etter kvart tek vinden seg opp, og det er temmeleg surt og ruskete ute.

– Perfekt! Me må henta dragen, ropar 12-åringen.

Dragen vert henta fram og stig raskt til vêrs over hytta. Både store og små får prøva seg med snora, medan den vesle eittåringen følgjer ivrig med frå sidelinja.

Slik går ettermiddagen og kvelden. Me vekslar mellom leik ute og teikning, yatzy, lesing og historieforteljing inne.

Pannekaker og hyttebok

Neste morgon har borna planlagt pannekaker til frukost. Me steiker eit berg av dei, og har, sidan det trass alt er hyttetur, både Nugatti og syltetøy på bordet. Etter frukosten vert hytta vaska, golva støvsugde og hytteboka fylt med ferske turminne.

Så er det tid for siste etappe. Me går opp til Torfinnsvatnet før me følgjer stien ned att gjennom vakre Kvålsdalen. Når me omsider kjem tilbake til bilen vel eitt døger etter avreise, er sekken lettare, beina trøyttare og hovuda fulle av gode opplevingar.

Fire born, eit småbarn, to dagar og ei ubetent hytte. Det kunne blitt kaos. Det vart noko heilt anna.

Takk for oss, Torfinnsheim – me kjem snart tilbake!

Torfinnsheim

Når du skal overnatta på Torfinnsheim er det verdt å vita eit par ting

  • Du treng ikkje nøkkel til hytta - ho er ope heile året
  • Hytta har straum og innlagt vatn
  • Hyttene har fullt utstyrt kjøkken. Her finn du også kaffitraktar, kjøleskåp og komfyr. Du treng soleis ikkje ta med noko utstyr til matlaging
  • Torfinnsheim er ei ubetjent hytte og har ikkje matlager.
  • Hyttene har seks soverom med totalt 28 sengeplassar. Soveromma har køyesenger, dyner og puter. Som gjest må du ta med enten lakenpose eller sovepose. Hytta har også babyseng. 
  • Her er god vedomn til oppvarming, samt panelomnar. Du treng ikkje ta med eigen ved, men hugs at veden kun skal nyttast til oppvarming av hytta. 
  • Kortaste ruta til Torfinnsheim er frå Hodnaberg. Turen er 2,5 km og 280 høgdemeter. 
  • 24 av sengeplassane kan du førehandstinga på hyttebestilling.dnt.no
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag