Gå for ein nærtur i haust
Haust byr på vakkert lys og sterke fargar, men også kortare dagar og skiftande vèr. Då er nærturar gull. Sjekk ut dei nye nærturane våre!
Skrevet av: Mari Stephansen
Bur du i Voss herad, er du midt i tur-smørauget. Med fjell på alle kantar, skogar, åsar, vassdrag og friluftsområde er det meir enn nok å velja mellom.
Haust med kortare dagar og ustabilt vèr, betyr færre dagar for langturar høgt til fjells. Det fine er at vindauget for dei korte, nære turane vert desto større.
Kva er ein nærtur?
Ein nærtur krev ingen særskilde ferdigheiter. Turane er alt frå nokre hundre meter og opp til 5 km. Dei går på sti, grus, skogsveg eller asfalt. Dei har moderat stigning, og ingen bratte parti. Mange av dei er mogelege å ta med barnevogn eller rullestol.
Fleire av turane er dessutan greie å gå med hovudlykt når dei mørke kveldane er over oss. Nokre av turområda har også lys, som Bømoen og Prestegardsmoen.
Urban vandring
Visste du at det fins ein eigen nærtur som tek deg frå park til park i sentrum av Voss? Du startar ved historiske Mylna før turen går til Gymnashaugen. Derfrå vandrar du til kyrkjeparken. Her kan du legga til så mange stopp du vil.
Eit urbant turtips: Er du glad i kaffi kan du kjøpa med deg ein kopp frå ein av dei koselege kafèane i sentrum på turen.

Korleis går du fram?
Nærtur er noko du kan gå nær sagt når som helst. Før eller etter jobb, på kveldstid etter legging av born eller i helgene. Terskelen vert låg fordi turane ikkje er vanskelege å koma til. Dei krev ikkje utstyr eller stor grad av planlegging.
Hausten i vest byr på varierande vèr og forhold, og det er ikkje alltid lett å koma seg ut døra.
- Kald vind og hardt regn i fjeset fristar ikkje nødvendigvis, men det er ein skikkeleg oppkvikkar etter ein lang dag på kontoret, eller ein travel morgon med små, seier leiar i Utferdslaget, Margrethe Alm.
- For ikkje å snakka om kva fargespelet på ein solrik haustdag gjer med humøret. Dette er bilete som festar seg på netthinna og som du kan ta med deg inn i resten av dagen, eller kvelden, fortel Alm.
Me har samla ei rekkje nærturar til deg. Prøv desse om:
Du vil eta nista under tak
Du vil ha utsikt
Du vil nær eit vatn eller ei elv
Du vil til fjells
Hugs dette i sekken for ein god tur med både born og vaksne
- Sitjeplate
- Varm drikke
- Ei varm jakke eller gensar til pausen
- Nødmat (om nista vert for knapp stig stemninga umiddelbart med ekstra frukt, nøtter eller sjokolade.)
- Hovudlykt til korte haustdagar
Dette kan du finna på som tilleggsaktivitet på nærturen
- Turbingo
- Lag konglebondegard
- Barkebåtseilas
- Gå på bladjakt til kunstverk
- Innsektsafari under steinar
Naturen vil takka deg
Å ha med ein pose i sekken er lurt, uansett. Kanskje snublar du over eit stort felt med bær. Om du ikkje er så heldig, kan posen brukast til anna gull. Som flasker, plast eller anna søppel. Sjansen for at det du finn på bakken havnar i vassdraga og vatna våre er stor. Om du plukkar med deg det du finn og kastar det i boset, sparar du dyr for potensiell smerte, og du bidreg til å ta vare på naturen.
Se også