Logo
Til DNT.no forside

Ei hyllest til dei frivillige i Voss Utferdslag

For ein gjeng - for eit engasjement!

Publisert: 16. oktober 2023
Skrevet av: Margrethe Alm
Inspirasjon

Åtte hytter - med kvart sitt særpreg
I sommar eg vitja dei– steg for steg
Eg naut og eg tok inn både fjell og fjord
Og kjende på takksemd for moder jord

Eg kjende på takksemd for engasjement
Som hyttestyra viser gang på gang
De vøler og ordnar - får alt til å skinne
De legg til rette for gode minne 

Og turen den startar med bokstaven T
Den finn du på grunn av ein vardekomitè
De merkar og ryddar – jobben er stor 
Her er det trygt i fjella – for både syster og bror   

Frileiken lever – det gjer meg så glad
I Borna sitt turlag finn magien stad
For leiken gjev oss meir enn me trur
Problemløysing og kreativitet - den gjer deg lur 

Seniorgruppa er stor og robust
Her finn du ein kremgjeng klare til dyst
På ski og til fots – dei har mange turar
For alle nivå om det er nokon som lurar

På Opptur får ungdommane ein smakebit
På kva som gjer friluftslivet skikkeleg fint
Og etterpå kan du i Hangoren sjå
Bileta frå turen dei har vore på 

De jobbar på – frå støl til støl
Turane kjem ikkje av seg sjølv
Og Vossingane er like spente kvar gong
Kvar går stølsturane i år – blir det ein på Rong?

Sundagsturane er eit varemerke
For Utferdslaget vel og merke
I årevis har turleiarane fått oss ut 
Til perler og skattar, fjell og nut

Til slutt vil eg takka styret mitt
Som valnemda har fått inn litt etter litt
De støttar, de diskuterer og vil oss vel
Har tolmod, struktur og mykje tel. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag