
Bli frivillig i Voss Utferdslag
Me vil gjerne ha deg med som frivillig i laget og me vil tilretteleggja for at du finn oppgåvene du har lyst til å bidra med!
Skrevet av: Margrethe Alm
Voss Utferdslag er tufta på frivillig arbeid og kvart år legg frivillige ned over 7000 dugnadstimar for å gje gode natur- og turopplevingar for folk i alle aldrar. Tusen takk til alle som legg ned desse timane for fellesskapet og hjarteleg velkomen til deg som ynskjer å bidra.
Det er kjekt å vera frivillig
I Voss Utferdslag har me frivillige verv knytt til hyttene, merking og vedlikehald av turar, stølsturane, Vossamarsjen (det største arrangementet til laget), Borna sitt Turlag, DNT Ung, SuperUt med meir!
Tur- og aktivitetsleiar

Akkurat no har me eit stort behov for tur- og aktivitetsleiarar i Voss Utferdslag, uansett kva interessefelt du har. Er du interessert i å heva kompetansen din og vera med å leia aktivitetar og turar, er du hjarteleg velkomen hjå oss.
Turleiarutdanninga til DNT
DNT sin turleiarutdanning byggjer på ulike trinn, og kvart trinn aukar kompetansen din slik at du vert meir rusta til å leia meir avanserte turar og aktivitetar. Les meir om turleiarutdanninga
Me er så heldige at me har fått ålmennyttige midlar frå Voss Sparebank og Sparebankstiftelsen SR-Bank til å dekkja kostnadar knytt til turleiarutdanning for personar som bur på Voss.
Me vil ha deg med på laget!
Kontakt gjerne prosjektleiar Sofie Hagland Børseth: sofie.borseth@dnt.no, om du er interessert i å vera frivillig hjå oss.
Se også

