Tusen takk til alle som vart med på årets vakraste eventyr!
Publisert: 20. august 2025
Turreferat
Foto: Sofie Hagland Børseth
137 personar gjekk Vossamarsjen
30 vart med på fjellspringinga
Om lag 80 små og store vart med på Minimarsjen
Me vil retta ein stor takk til alle frivillige som har stått på frå morgon til kveld. Det er eit stort apparat i sving og me hadde ikkje klart å gjennomføra desse arrangementa utan dykk!
Ein ekstra stor takk til hovudsamarbeidspartnaren vår Voss Sparebank som alltid stiller opp for oss, serverer mat og lagar herleg stemning på Torfinnsheim. Me diggar dykk!