Voss Utferdslag gjennom fire årstider
- Eit tilbakeblikk på året som har gått
Skrevet av: Margrethe Alm
Så mange slags s-ar
for alt
har rotna no
alt har visna no
vått og rått det er
eg lengtar til alt
som byrjar på s
sommar og sol
sky og sjø
men så ein dag
dett det noko ned
frå himmelen
kvite filler fell
legg eit slør over
bakken og meg
snø snø snø
det byrjar også
på s
-Ruth Lillegraven-
eg er eg er eg er
Vårvill
eg er eg er eg er
seier den vesle
vakre våren
kikar opp mellom
restane av haust og
alt som blei borte
eg er ekte og
vanleg vår
seier han
og eg lovar
lovar gull og
grøne skogar
hender og hår
småsko og
lange dagar
berre vent
berre vent
-Ruth Lillegraven-
eg er eg er eg er
Sommarsval
den beste tida
stupesvabergsommar
sommarfuglsussommar
syklesvinsesvansesommar
dirredampedagar
dusdisdoggdagar
dudududagar
-Ruth Lillegraven-
eg er eg er eg er
Alt brenn
Nokon
sette ei fyrstikk
borti sommaren
skogen og trea og
blada flamma opp
alt blei gult
og gulare
enn gulast
det er eg
-Ruth Lillegraven-
eg er eg er eg er
Stor takk til alle medlemene våre! Som medlem bidreg du til at me kan halda fram med å drifta hyttene/rutene våre og arrangera fleire aktivitetar for alle innbyggjarane i heradet.

Foto: Audun Hellevang
Den største takken går til alle dei frivillige i Voss Utferdslag, som legg ned over 7000 dugnadstimar i året, til stor glede for fellesskapet.
Se også