Naturmangfaldsvandring, geologisk vandring, foredrag om Vossolaksen, snorkling i elva, elveleik for born og ungdom, båkos og sosialt samvær. 29. - 30. august vert ei fin helg der me feirar det unike Vossovassdraget!
Publisert: 30. juli 2026
Nyheter
Foto: Tora Heggem
Elvefest for alle Voss Elvefestival er for alle som er litt nyfikne på elva, for alle som elskar den, og for alle midt i mellom! Kom som du er og ta gjerne med nokon du er glad i.
Saman om elva Festivalen eit samarbeid mellom frivillige organisasjonar som har sterke band til elvene på Voss: Voss Elveklubb, Voss Naturvernlag, BHT og Voss Utferdslag. Saman bidreg me med kunnskap og frivillig innsats.
Program og påmelding Hald av datoane allereie no! For meir informasjon, program og påmelding sjå her: https://www.elvefestival.no/