Logo
Til DNT.no forside
Til Aktuelt

Vil du bli turleiar?

Me har fått ålmennyttige midlar frå Voss Sparebank til å dekkja kostnadar knytt til turleiarutdanning for personar som bur på Voss.

Publisert: 25. januar 2024
Nyheter
Foto:

Turleiarutdanninga til DNT

DNT sin turleiarutdanning byggjer på ulike trinn, og kvart trinn aukar kompetansen din slik at du vert meir rusta til å leia meir avanserte turar og aktivitetar. Her kan du lesa meir om turleiarutdanninga

Søk om opptak til kurs

Er du allereie klar for å søkja om opptak til kurs på Voss kan du fylla
ut dette skjemaet. 

Når du har fylt ut skjemaet sender du det til june.jansson@dnt.no 

Voss Utferdslag planlegg fylgjande for 2024:

  • Ope informasjonsmøte om turleiarkurs torsdag 25. januar kl. 18.00 - 19.30 på Tre Brør Kafè.
  • To grunnleggjande turleiarkurs på Voss:
    25. - 26. mai (maks 12 deltakarar per kurs)
    8. - 9. juni (maks 12 deltakarar per kurs)
  • Eit sommarturleiarkurs på Voss
    22. - 24. august og 27. - 29. september (kurset går over to helger)
    Maks 12 deltakarar per kurs
  • To - tre grunnleggjande fyrstehjelpskurs
    5.-7. april Grunnleggande fyrstehjelpkurs (15 timar) : Fredag 3 timar, laurdag 6 timar og sundag 6 timar.
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag