Publisert: 13. oktober 2025 Skrevet av:
Sofie Hagland Børseth
Nyheter
Foto: Sofie Hagland Børseth
Fredag 10 oktober var det verdsdagen for psykisk helse. Samans med Voss frivilligsentral, Skattekammeret, Oasen aktivitetssenter og Foreningen mot Psykisk Vold heldt Voss Utferdslag ei markering på Tre Brør.
Utanfor var det kok i bålpannna, og inne i kjellaren var det god stemning med spel, heimelaga boller (som Oasen hadde laga), kaffi & varm saft.
Folk i alle aldre tok turen innom, og det vart mange gode samtalar både rundt bålet og inne i varmen.
Det finnast mange gode tilbud på Voss om ein treng nokon å snakka med, og kanskje minst lika viktig er det mange supre aktivitetstilbod og organisasjonar kvar ein kan bidra som frivillig. Sjå plakat i bildekarusellen for ei lita lokal oversikt.