Helga 14. - 15. juni fekk me flydd inn proviant, gass og utstyr til å vøla brua ved Grindafletosen.
Publisert: 24. juni 2025
Føremelding
Foto: Kjersti Vik
Dugnadsgjengen fekk denne helga flydd inn utstyr til hytta og til brua ved Grindafletosen.
Status brua Osen v/ Grindafletvatnet Brua vert reparert i desse dagar og me tek sikte på at den er klar i starten av juli. Om du kjem frå Flåm, Upsete eller Ljosandbotn anbefalar me å vada over elva nedstraums frå brua. Ta gjerne med stavar til vadinga. Me beklagar dette, og me gjer alt me kan for å reparera brua så snart som mogleg.
Stor takk til dei frivillige som gjer so mykje arbeid på hytta, slik at me kan leva det gode liv til fjells!