Seniortur frå Veskre til Tinden
20 deltakarar var med på onsdagsturen. I strålande haustvêr starta me på Veskre – ei stølsgrend med vakkert kulturlandskap og med ope og vidt utsyn mot mellom anna Karaldenuten, Veskreshorgi og Herabreida.
Skrevet av: Åsta Birkeland

Anna Songve fortalde om det levande stølslivet på Veskre til stor glede for deltakarane. Stien var lett å gå med morosame namn undervegs; Svinakleivæ og Brøpitlo. Me undra oss over historia bak namna. Etter Hanselavatnet tok me av frå stien og gjekk over flotte svaberg mot Tinden. Der hadde me ein lang og god rast i sola. Praten gjekk og folk smilte frå øyre til øyre medan dei såg mot Skamdalshorgi, Fresvikbreen, Vassfjøra, Hardangerjøkulen, Hardangerfjorden og Kinsarvik. Vegen tilbake gjekk nesten utan uhell, men ein av deltakarane sette foten i myra, og opp kom foten utan sko. Etter mykje haling og draging kom det til slutt opp ein søkkvåt sko. Eigaren lo og sa «Jammen var det godt at eg hadde skoskei med meg i sekken». Turen ned til Veskre gjekk i godt tempo og i strålande haustfargar. Me er heldige som får slike opplevingar.
Se også

