12 deltakarar vart med på årets nest siste sundagstur, som gjekk til Svartahorgi!
Publisert: 07. oktober 2024
Turreferat
Foto: Nina Høyland
Vêrmeldinga hadde vore usikker, men såg bra ut på morgonen.Turleiarane bestemte seg difor for å gå mot Svartahorgi, og gjera vurderinga undervegs.
Det var vindstille, overskya og tørt på starten ved Staup. Me gjekk i samla flokk oppover. Lunsj i Aordalen, der var det eit par luredråpar i lufta. Frå om lag 8-900 m var det vind, og på toppen var det kraftig vind. Det var nesten vanskeleg å halda seg ståande. Ein kort stopp for bilete, innsjekk i diverse turappar og påkledning før me returnerte.
Me var attende på Staup rundt kl 14.15. Godt nøgde turleiarar og deltakarar.
Stor takk til turleiarane Nina Høyland og Marta Løne Seim!