Sundagstur til Reppeggi
Ni deltakarar fekk seg ein fin sundagstur til Reppeggi
Vind og snjobyger på Vangen, men det var vindstille og fin temperatur på Engjaland. Turleiarane starta med litt informasjon før me gjekk oppover mot Sundvesstølen. Teknisk stopp på Sundvesstølen der folk fekk justert bekledning, smurt ski og få i seg litt mat og drikke.
Vidare gjekk det i jamnt sig oppover mot Nipene. Mat- og drikkepause før siste kneika opp til Nipene. Litt verre sikt frå Nipene, men navigeringa gjekk veldig greitt med bruk av GPS. Kneika opp mot Flatafjellet gjekk også veldig effektivt og greitt. Her hadde me ein kort stopp med litt info og vøling av ein skistav. No var verste stigninga unnagjort og det gjekk jamnt og fint til Mykjedalsvatnet der me tok lunsj. Framleis dårleg sikt og snjobyger, men alle ville til toppen. Siste kneika til toppen gjekk fort, og brått letta det nok til at me kunne sjå varden. Surt og vind på toppen, men no gleda alle seg til den flotte nedkøyringa.
Fyrste nedskriinga til Mykjedalsvatnet gjekk veldig bra og vêret byrja å letta meir. Me gjekk innom toppen av Flatafjellet slik at eit par deltakarar fekk sjekka inn på Fjelltoppjakten. Nedskriinga frå Flatafjellet var heilt formidabel, perfekt føre og alle storkoste seg ned bakken. Liten stopp før ein tok fatt på dagens siste bakke opp til Nipene. På Nipene letta det meir og sola glimta til gjennom skyene, slik at me fekk nyta utsikta. Siste delen av dagen vart heilt magisk og alle storkoste seg ned dei siste bakkane til Engjaland.
Alle var einige i at det vart ein veldig flott tur sjølv om vêret ikkje var det beste.