Sundagstur til Øyastølsfjellet og Fyresnipa
Turleiarane Kjartan Haugen og Bente Søfteland sørga for ein trygg topptur for 15 deltakarar i strålande vêr forrige sundag.
Skrevet av: Kjartan Haugen
Sundag morgon møttest me i Jordalen til ein tidleg start kl. 09.00. Alle var effektive, og me var klare til avgang alt kl. 09.15.
Turen gjekk i roleg og fint tempo oppover, med gode pausar og ei trygg og fin flyt i gruppa. Me hadde deltakara med både randonné, fjellski og splitboard. Alle vart med heile vegen til topps på Fyresnipa.
Det var svært kaldt nede i dalen, men det vart merkbart varmare etter kvart som me kom høgare opp – og særleg då me fekk sola i møte. Me fekk ein skikkeleg fin dag til fjells med nydeleg vêr, god sikt og vindstille på toppane. Drømmedag!
Gruppa var ei glede å ha med på tur: god stemning, positivt humør og fint samarbeid heile vegen.
Frå Fyresnipa fekk me ei flott nedkøyring ned mot Berdalen. Flott føre! Litt vindpåvirka snø i høgden, men stort sett bra pudderføre.
Totalt vart turen på om lag 14 km og kring 1000 høgdemeter. Takk for ein fin-fin tur!
Se også