På sundag fekk 13 deltakarar oppleva å ta seg inn det frosne eleveleiet inst i Hovlandsdalen til jettegryta "Katedralen".
Publisert: 17. februar 2026 Skrevet av:
Sofie Hagland Børseth
Turreferat
Foto: Sveinung Klyve
"Katedralen" i Naddvik er ei kjempestor jettegryte med steile fjellsider på opptil 110 meter høgd. Det er sjeldan me har gode nok isforhald til at denne turen lar seg gjennomføra. Sist gong utferdlaget tok turen var over 15 år sidan!
Deltakarane brukte stegjern og isøks for å ta seg fram på isen og oppover elva sine bratte kneikar. Dette var ei ny oppleving for mange, som gav meirsmak!
Tusen takk til turleiar Sveinung Klyve og guide Olav Bakketun som rigga tau og sørga for at alle følte seg trygge undervegs.