Sundagstur til Austdalnuten
Forrige sundag var ein god gjeng på 19 deltakere og turleiare på ein luftig tur rundt på Osafjellet.
Skrevet av: Arne Røen

Med luftig meiner eg at det blas godt, men temperaturen var heldigvis bra.
Turen blei leda av Anita, Tryggve og meg sjøl. Fyrst gjekk me opp dei bratte svaa frå Rundvassdammen, deretter ned i Torfinnslaet kvar me me søkte ly for vinden for fyrste matpause.
Me sette att sekkane her og gjekk opp på Austdalsnuten. Det var klår luft og storvegs utsikt. Etter å ha gått ned att tok me med sekkane, og gjekk inn Torfinnslaet til Storfisktjørnet. Her hadde me ein liten matpausane. Rastane vart ikkje så lange på denne turen, men å vera i rørsle på turen gjekk greitt.
Etter pusten i bakken tok me oss opp til høgde 1298 m.o.h. og fekk sjå litt av Ripsetjørnane. Frå høgda gjekk me ned til stien frå Rembesdalen, vidare forbi Olbogavanet til Lanvassdammen. Etter litt venting vart henta av VTS.
Merkeleg nok var det ingen som ville innrømma at dei var litt mødde etter 5 timar gangtid og 934 høgdemeter. Det var god stemning, og det er alltid ei glede å leia dess VU turane.
Se også

