Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Sundagstur på Gråsida

12 stk fekk seg ein formidabel tur på Gråsida: Nydelig vêr, variabelt føre, vindstille og sola som varma godt. 

Publisert: 17. februar 2025
Skrevet av: Rundtur på Gråsida
Turreferat
Rundtur Gråsida
Foto: Øystein Røen, Hild Gjelland Lid, Mette Gohs og Jannicke Johansson

Kald start på turen med om lag 17 minus på Hodnaberg, men me fekk fort i oss varmen oppover dei fyrste bakkane. Teknisk stopp vart flytta til me kom i sola, men det vart ein rask stopp sidan nokon var litt småkalde på beina.

Vidare gjekk det i jamnt og fint driv opp til Tjørnatjørni. Opp kneika til Godeplasseggi vart det litt baskjent med lite og isete/hard snø. Men utsikta og vêret var ikkje noko å utsetja på. Litt småkupert vidare innover til me tok fatt på siste stigninga til Grønebergi og Grønahorgi. Der vart føret veldig bra.  Så opp til Grønahorgi gjekk det lett oppover på bra føre. På toppen av Grønahorgi kunne ein nyta flott utsikt til Vassfjøra og Hardangerjøkulen i aust, Kvitanosi i nord, Mykkeltveitveten i vest og Kvammafjella i Sør. Der vart det ein god lunsj i solsteiken.

No var alle seige bakkar unnagjort og turen til Slåttebakkahorgi over Rundatjørni gjekk lett unna. Frå Slåttebakkahorgi vart det endeleg litt nedoverbakkar. Ned Rasmusdalen over Krokatjørni og ned til under Godeplasseggi glimta føret skikkelig til innimellom og det vart ein veldig fin etappe der me fekk litt fine svingar.

Siste etappen til Tjørnahorgi gjekk jamnt og fint oppover i terrenget, men litt lite snø på toppen. Dagens siste topp skuffa heller ikkje, flott utsikt mot Hamlagrø, fjella rundt Lauvdalen og fjella over Evanger. Ned til Tjørnatjørni vart ein fin nedskriing med ein del bra snø, siste stykket ned mot Kluftatjørni vart litt meir utfordrande, men alle kom seg heilskinna ned. Hadde vore mykje trafikk i sporet ned siste stykket til Hodnaberg iløpet av dagen, så det gjekk mykje betre enn forventa. Nede igjen på Hodnaberg var alle godt fornøygde med den fine turen. 

Takk for turen!

Stor takk til turleiarane Øystein Røen og Hild Gjelland Lid

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag