Sundagstur frå Myrkdalen - (nesten) Svolefjell - Vinje
Flott sundagstur førre helg!
Publisert: 25. mars 2025
Turreferat
Foto: Gunn Hommedal Kvitne
Me hadde èin fantastisk start på turen med sol og nypreparerte løyper til Tjørnarhovden. Grunna meldingar om vind tok me ein tidleg matpause i sola rett under Gråsteinane. Vinden auka litt frå her, men sola varma og skiføret var supert.
Etterkvart som me nærma oss Svolefjellet auka vinden på og turleiarane beslutta at me måtte snu, så dessverre kom me oss ikkje opp på Svolefjellet denne gongen.
Premien var ei kjekk nedskriving til Øyaset der me hadde den siste pausen for dagen.
Stor takk til turleiarane Gunn Hommedal Kvitne og Øystein Røen