Sundagstur Hallingskeid - Rundavatnet
FOR ein dag! Sundag 1. september gjekk turen frå Hallingskeid til Rundavatnet.
Skrevet av: Arne Røen
Endeleg ein flott dag og me var 22 glade som la i veg opp den lange stigninga i Buadalen til fyrste matpause på Budalsbrotet. Me var tre turleiarar, Tryggve, Anita og eg. Me hadde passe fart og heldt oss samla. Vidare gjekk me til Hegrenuten det me fekk flott utsyn i alle retningar.
Me gjekk vidare til Høgde 1287 for neste matpause i eit lett terreng med lite steinrøyser. På veg til høgde 1287 stoppa med der me kryssa den gamle buførevegen der Osamanen for i mange år med kjerring, 5 ungar 12 geiter og ein gris til Austdalen der dei var om somaren. Etter ein ny matpause på Høgde 1287 gjekk me ned Helvetsbrekka og kryssa Floskefonnsdalen på veg til bussen. Det vart varmare enn varsla og det vart mykje avkleding undervegs. Eg gjekk fyrst og heile tida høyrde eg skravlinga bak meg, det er eit godt tegn. Dette var ein makalaus flott dag og vera turleiar i Voss Utferdslag er berre ei glede.
Arne Røen
Tilleggsnotat:
Og alle me i Voss Utferdslag tykkjer det er ei gleda å ha slike turleiarar i laget. Stor takk til Arne Røen, Anita Bø Røen og Tryggve Soldal