Sundagstur frå Fresvik til Jashaugbu
38 deltakarar og fire turleiarar fekk ein strålande tur frå Fresvik til Jashaugbu, sundag 8. september.
Me tok buss frå Vangen kl 08.00 og stogga fleire stader for å plukka opp fleire deltakarar. Vegen frå Fresvik til Engi vart svært spanande og krevjande for bussjåføren, men me kom oss opp til parkeringa. Me var imponerte over bussjåføren og han fekk applaus frå heile gjengen!
Me starta turen kl. 11.00 og vêret var fint og varmt fyrste halvdel. Godt sig oppover vakre Tundalen og me hadde fyrste pause der stien kryssa over Tundøla. Gjekk så vidare oppover til Vassosvatnet (1237 m.o.h), der me hadde neste pause. Før me gjekk vidare fortalde Øyvind om stortjuven Gjest Baardsen og ferda hans over desse fjella.
Me hadde ein kort stopp ved Langafonnvatnet der June fortalde vidare om Baardsen si dramatiske ferd over fjellet, der det er sagt at eit par ullsokkar redda livet hans.
Regnet kom og det vart temmeleg vått fram til Fresvikvarden, men det var lite vind og temperaturen var ok. Ved Fresvikvarden vart det ein ny stopp, med gruppebilete og Richard Jacobsen informerte om varden.
Etter Fresvikvarden var det opphald stort sett heile vegen til bussen. På turen heim hadde me quiz, der vinnarlaget fekk klassikaren Wuthering Heights (Stormfulle høyder) og makrell i tomat. Tusen takk for strålande tur!
Stor takk til turleiarane Øyvind Olde, John Inge Johnsen, June Jansson og Margrethe Alm.