Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Sundagstur frå Vikafjellet - Bavallen

Fantastisk vårskitur frå Vikafjellet til Bavallen, sundag 5. mai

Publisert: 13. mai 2024
Skrevet av: Arvid Rykke
Turreferat
Vikafjellet - Lønahorgi - Bavallen. Sundagstur 05.05.2024
Foto: Arvid Rykke

Me var 22 deltakarar og tre turleiearar som gjorde oss klar til turen på parkeringsplassen ved telegrafhytta på Vikafjellet. Vêret var strålende og me kom fort i gang med turen. Innover Sendedalen til fyrste vatnet der me hadde ein kort stopp. Det hadde ikkje vore frost om natta, så det var litt sug i snøen som vart verre dess lenger me kom på turen. Nokre med feller, men mange nytta klister.

Vidare innover dalen og opp mot Rypeskaret i godt tempo. Nedskriinga mot Murane var litt skuffande då det var dårlig glid. Så god matpause før me gjekk forbi Blåeggi. Me hadde med ein som samla på fjelltopper og som spurta opp til toppen for å få med seg topp nr. 497!

Forbi Mykjedalsvatnet og til Skreieggi og no var Lønahorgi kome litt nærare. Så slakt nedover mot høgda over Tvinnestølen. Ny matpause og då alle hadde tatt av ski og satt seg dukka det opp 4 reinsdyr som kikka litt på oss før dei haldt fram med beiting på dei få flekkane utan snø.

Så forbi i fjellsida over Tvinnestølen og vidare. Liten stopp ved Hunden. No kom det mørke skyer over Lønahorgi og sola forsvant. Så langt hadde vêret vore strålende og kanskje hadde me fått nok sol.

På toppen av Lønahorgi var det av med feller for dei som brukte det og så nedskriing til Tråstølen. Då det vart bratt fekk me fart på skia og det var kjekt å skri. Når me kom på bussen var alle glade for å ha gjennomført ein lang skitur i strålende vêr og natur.

Fjellhelsing frå Njål, Jean Christophe og Arvid 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag