Sundagstur frå Myrkdalen til Vinje
9 deltakarar med godt mot gjennomførte ein snøfull sundagstur i helga.
Skrevet av: Gunn Hommedal Kvitne
Det var meldt ein del snø, og det slo til. Me starta i opphaldsvær frå Årmotslia Skisenter, men rett etter Revhaugen starta det snøe. Etter ei rådslagning om vegval vart det bestemt at me skulle fortsette med plan A, trass i at det truleg var ganske ruskete ver og dårleg sikt på toppen. Plan B som var Oppheimsdalen hadde nok vore eit meir "trivelegare" alternativ, og dette vart presisert for gruppa.
Dette var ein turvan gjeng og alternativet dersom veret og sikta vart for dårleg, var å skri nedatt til Tjørnarhovden og fortsette Oppheimsdalen. Då me kom på høgaste punktet var sikta ganske dårleg, men det er då berre eit kort, flatt parti som skal kryssast før ein startar på nedskriinga mot Øyaset. Då kom sikta også ganske kjapt tilbake.
Skiføret var utfordrande med mykje laussnø, så det gjekk i sakte fart. Etter ein kort rast på Øyaset forsette me ned stølsvegen, og her var det fint å skri med 10 cm styresnø over scooterspor. Stemninga var god og folk var blide, sjølv om veret og skiføret var utfordrande.
Takk for turen!
Se også