Sundagstur frå Lid - Knuskjen
Nydeleg sundagstur frå Lid til Knuskjen med 17 deltakarar
Turdeltakarane møttes ved ungdomshuset på Lid, då om lag halvparten kom frå Vaksdal - Bergen. Me starta 10 min etter skjema og fylgde planlagt rute, kvistaløype mot Høgabu i starten før me dreia vestover ved Gråvatnet.
Plussgrader og for det meste skya, men føret var godt og med kortfell (som dei fleste hadde) var det ok feste. Gruppa bestod av ein fin miks med unge og godt vaksne turdeltakarar. Godt humør og god stemning heile turen.
På toppen av Knuskjen og framme ved Olavsvarden var det brukbar sikt. Returen via Liastølen bestod av lange og nydelege unnarenn som alle meistra på ein framifrå måte. Siste bratthenget gjennom tett skog gjekk og overraskande bra og alle var nede på Lid nøyaktig 6 timar etter me starta turen.
Stor takk til turleiarane Ingar Vatne og Audun Hellevang