Turen starta på Bulko med 11 deltakarar og to turleiar i litt grått vær og snjo i lufta. Me gjekk over Grølivatnet og opp Skamdalen, vidare vart det litt tungt opp til Byrset på grunn av litt klabbing på nokre ski.
Me tok nistepause på Byrset før siste stigning opp til Byrsetskaret, og då kom sola fram! Vidare inn til Vierskaret med ei fantastisk nedskriing til Otledalen i nydeleg pudder. So var det strake vegen ned til myrene mot Herresleitet. Ein flott tur med god stemning heile vegen.
Stor takk til turleiarane Øyvind Olde og Lars Gjelland for flott gjennomført tur og mykje god informasjon.