Sundagstur frå Årmot - Tjørnarhovden - Reppane
Fyrste tur dette året i flott vintervêr og 10 cm nysnjo. 18 deltakarar fekk seg ein strålande tur frå Årmot - Tjørnarhovden - Reppane.
Publisert: 15. januar 2024
Turreferat
20 personar la i veg frå Helgatun i lett snøvær, men etterkvart kom sola fram. Me fylgde oppkøyrt løype til stølen Tjørnarhovden. Etter dette trakka me løype sjølve i 10 cm nysnø. Skiføret var særdeles godt.
Me hadde ein god matpause i sol og vindstille med flott utsikt nedover Oppheimsdalen før me gjekk vidare til stølen Reppane. Derifrå vart det lett pudderskriing til Revhaugen der me tok løypa tilbake til parkeringa ved Helgatun. Det var god stemning, gode skiforhold og til og med sol.
Stor takk til turleiarane Gunn Hommedal Kvitne og Knut Blikberg.
Del artikkel:
Del på e-post
Se også
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag