Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Sundagstur Fjellmannaøyane - Herfindal

Nydeleg tur på historisk grunn med 14 deltakarar!

Publisert: 23. september 2024
Skrevet av: Audun Hellevang
Turreferat
Sundagstur Fjellmannaøyane - Herfindal
Foto: Audun Hellevang

Naturen opp frå Bergsøyane hadde nok endra seg noko sidan siste driftene gjekk her. No måtte me gå gjennom tett granskog, kvist og kvast, over stokk og stein, og klatra opp bratte sva. Sola steikte og sveitten rann, men opp kom me både kvinne og mann.

Vel oppe på fyrste høgda kunne me nyta eit fantastisk utsyn over deler av Bergsdalen. Vegen vidare gjekk i eit fint og lett turterreng gjennom Vetlaskaret og ned til Liastølane. Fyrste matpausen vart teken opp under Kvanngrøfjellet før me kryssa T-merka sti til Høgabu.

På veg forbi Klingetjørni var me på turen sitt høgste punkt (omlag 830m). Vidare forbi Gråvatnet gjekk me til Brekkemurane. Undervegs på heile turen fortalde turleiar Audun historien bak dei mange murane og kulturminne me passerte. No var det berre å følgja Flatelvi ned til Herfangsvatnet og vidare på T-merka sti ned Herfingsdalen.

16 personar i samla tropp hadde ein fantastisk dagstur over fjellet i fint turvêr. Turen var tidfest på ein framifrå måte slik at me kom frm til busen på avtalt tid kl 17.00.

Stor takk til turleiarane Audun Hellevang og Olav Sognnæs

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag