Sommarturleiarkurs
Det vart ein frisk og våt helg i høgfjellet for dei sju spreke og motiverte deltakarane på sommerturleiarkurset med Voss Utferdslag.
Fredag kveld gjekk turen frå Upsete mot Grindaflethytta, omlag samstundes med at ein nedbørsfront kom innover fjellet. Etter ein våt og kjøleg nattevandring rigga me oss for bivuakk nær Elvamotet.
Laurdag morgon gjekk turen vidare mot Grindaflethytta med innlagte orienteringsutfordringar. Undervegs opplevde me turens store høgdepunkt, då ein flott flokk med reinsdyr ynskja oss velkomen til fjells. Slitne føtter og trøtte fjes gleda seg stort over å koma fram til herlege Grindaflethytta laurdag ettermiddag.
Sundag morgon gjekk me med vind og regn i fjeset vestover mot Fyre, der turen vart avslutta. Alle var samde om at det hadde vore ein våt, kald, lærerik og flott turhelg!
Sjå bilete frå kurset her: